The Beatles av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Albumet The Beatles)
The Beatles
Studioalbum av The Beatles

Språk engelsk
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 30. mai–14. oktober 1968 i EMI Studios og Trident Studios, London
Sjanger
Lengd 93:35
Selskap Apple
Produsent George Martin
Britisk The Beatles-kronologi 
Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
(1967)
The Beatles Yellow Submarine
(1969)
Amerikansk The Beatles-kronologi
Magical Mystery Tour
(1967)
The Beatles Yellow Submarine
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
The A.V. ClubA+[2]
The Daily Telegraph5/5 stars[3]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[4]
MusicHound4/5[5]
Pitchfork Media10/10[6]
PopMatters9/10 stars[7]
Q5/5 stars[8]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[9]
Slant Magazine4.5/5 stars[10]

The Beatles er det niande albumet til The Beatles, eit dobbeltalbum som kom ut i 1968. Det vert ofte berre kalla The White Album sidan det ikkje har noko tekst på framsida anna enn namnet på bandet (og på tidlege LP- og CD-utgåver, eit serienummer) på eit elles heilt kvitt omslag. Albumet var det første The Beatles gav ut etter at manageren deira Brian Epstein døydde. Det vart opphavleg kalla A Doll’s House, men tittelen vart endra etter at det britiske progressive bandet Family gav ut eit album tidlegare same året kalla Music in a Doll’s House.

I 1997 hamna The Beatles på 10. plass på ei liste over dei beste albuma gjennom tidene laga av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 1998 stemde lesarane av musikkmagasinet Q albumet på 17. plass på ei liknande liste, medan det i 2000 hamna på 7. plass på lista over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[11] I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 albumet på 11. plass over dei største albuma gjennom tidene.[12] I 2006 valde Time Magazine ut albumet som eit av dei hundre beste nokon gong.[13] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 10. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene i 2003.[14]

I følgje Recording Industry Association of America er The Beatles det mestseljande Beatles-albumet og det tiande mest selde albumet i USA nokon gong.

Byrjinga på slutten for The Beatles[endre | endre wikiteksten]

Oppfølgjaren til Magical Mystery Tour, albumet og den katastrofale filmen, var The Beatles (White Album) som markerte eit vendepunkt for bandet og vart tolka av nokre tilhengjarar til å vere byrjinga på slutten for The Beatles.

Med dette albumet starta kvart enkelt medlem i The Beatles å arbeide med å vise djupna og rekkevidda for sine individuelle talent i låtskriving. Musikken og stilen som vart spelt inn på dette albumet peikar direkte framover mot det som skulle verte kvar enkelt medlem sine solokarrierar. I staden for eit samla heile, er det doble albumet eit sprikande kaos av songar.

Saman med standardrockarar som opningssporet «Back in the USSR» (ofte tolka som ein parodi og samstundes ei hyllest til Beach Boys-songen «California Girls»); har albumet klassiske balladar som «I Will» og «Julia» (siste skrive av John Lennon, ein av dei få balladane hans, tileigna den avdøde mora hans); muntre og nesten tøvete songar som Paul McCartney sin «Rocky Raccoon» og «Ob-La-Di, Ob-La-Da»; og sosiale kommentarar som George Harrison sin «Piggies» og Lennon sin «Happiness is a Warm Gun». I tillegg finst den første komposisjonen til Ringo Starr, «Don’t Pass Me By».

Ein av songane på albumet er McCartney-songen «Helter Skelter», ein av dei aller første heavy metal-songane. «Helter Skelter» er eit fast uttrykk på engelsk og tyder «over hals og hovud». Dessverre har songen fått eit dystert ettermæle ved at Charles Manson og mordarbanden hans feiltolka songen til å tyde ei form for apokalypse og stimuli for massemord.

Songane[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste songane på albumet er personlege og refererer til interne forhold. Til dømes er songen «Dear Prudence» om syster skodespelarinna Mia Farrow, Prudence, som var med dei transcendentale meditasjonsklassane i Rishikesh i India på den same tida som enkeltmedlemmane av The Beatles var der med venner. Faktisk er mange av songane på Det kvite albumet skrive på turen til India. Songen «Sexy Sadie» handlar om Maharishi Mahesh Yogi som leia meditasjonsklassane. «Glass Onion» er Lennon sin song der han syng direkte til trufaste tilhengjarar som nytta mykje tid på finne skjulte meiningar i tekstane til the Beatles. Songen referer til mange andre songar og driv gjøn med desse.

Yoko Ono gjer sin første opptreden, saman med Pattie Harrison, der ho er med å kore på den skranglete songen «Birthday». Ono song òg ei enkel strofe på Lennon sin «Bungalow Bill» og hadde særs stor innverknad på utforminga av Lennon sin musique concrète kalla «Revolution 9»

Eric Clapton vart invitert av Harrison til å spele sologitar på Harrison-songen «While My Guitar Gently Weeps». Spenninga i bandet hadde alt starta å verte spent, og Harrison følte at dei andre ikkje tok songane hans alvorleg. Han inviterte derfor ein utanforståande til innspelinga slik at dei andre vart nøydd til oppføre seg profesjonelt. Clapton trong den same teneste sjølv seinare, og fekk Harrison til å delta på innspelinga av songen «Badge» for gruppa Cream. Harrison nytta då pseudonymet ‘L'Angelo Misterioso’.

Fleire av songane som vart spelt inn for dette albumet vart ikkje nytta på endelege albumet og nokre av desse skulle verte dei største hittane til The Beatles. «Hey Jude» (gjeve ut som ein singel med «Revolution» som B-side) var ein slik song. To andre songar som ikkje vart nytta skulle seinare dukke opp i piratutgåver og sirkulere i fleire tiår i undergrunnen før dei omsider vart offisielle med utgjevinga av dei tre Anthology-utgåvene: Harrison sin «Not Guilty» og Lennon sin «What’s The New Mary Jane?».

Albumet vart produsert og arrangert av George Martin og var det første albumet som vart gjeve ut på nye plateselskapet Apple Records og det einaste originale dobbeltalbumet frå The Beatles. Martin sjølv var personleg misnøgd med utforminga av dobbeltalbumet og råda The Beatles til å redusere talet på songane og heller la dei sterkaste songane råde grunnen på eit enkelt album. The Beatles overstyrte han på godt og vondt.

Mono-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Beatles (White Album) var òg det aller siste albumet som vart gjeve ut i ein eigen og unik mono-miks i Storbritannia som alternativ til stereo-utgåva. 29 av dei 30 songane på albumet fekk eigen mono-miks, anti-songen «Revolution 9» var unntaket og har aldri vorte gjeve ut på CD. Enkelte land fekk eigne mono-utgåve seinare, men dei var miksa frå stereo-utgåva, og var ikkje ein unik miks i seg sjølv.

Omslaget[endre | endre wikiteksten]

Omslaget vart laga av Richard Hamilton, ein kjend popkunstnar som hadde organisert ei retrospektiv utstilling med dadaisten Marcel DuchampTate Gallery året før. Designet til Hamilton stod i sterk kontrast til det liveige og fargeriket omslaget til Peter Blake på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band som vart gjeve ut i 1967. Hamilton nytta berre ein enkel, naken, kvit firkant med namnet på gruppa (som òg var tittelen på albumet) diskret utheva i pappen på førstesida. Kvart enkelt omslag hadde òg eit unikt trykt serienummer, som i følgje Hamilton var for «å skape den ironiske situasjonen av ei nummerert utgåve av noko som var gjeve ut i fem millionar eksemplar …». På seinare utgjevingar fann ein det praktisk å trykke albumtittelen i svart. Ermane på albumet inkluderte forutan platene òg ein plakat, songtekstane og fire portrettfotografi som var tekne av John Kelley i august 1968. Desse portretta har sidan vorte fotografiske ikon.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det kvite albumet, både musikken og konsept til albumet, har hatt stor påverknad på populærmusikken og den indre kulturen i popverda. På 1990-talet har både Prince og Metallica laga album med sine eigne namn som tittelen som er vorte trykte på heilt svarte omslag. Begge vart omtalte som «Det svarte albumet» (Black Album). I 2003 gav rapparen Jay-Z eit album som òg offisielt vart heitande The Black Album. To samlingar av Beatles-songar, gjevne ut i 1973 som The Beatles 1962-1966 og The Beatles 1967-1970 har uoffisielt vorte kalla Det raude albumet og Det blå albumet med klar referanse til fargesystemet. Begge albuma til Weezer med artisten sitt namn som tittel har vorte heitande Det blå albumet (1994) og Det grøne albumet (2001).

I 2004 gav Brian Burton (òg kjend som DJ Danger Mouse) ut albumet The Grey Album, ei uautorisert remiksalbum som seinare vart distribuert på Internett med strofer frå The Beatles (White Album) saman «a cappella»-versjonen av Jaj-Z sitt The Black Album. EMI og Apple Records var ikkje nøgde med dette.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon–McCartney, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Back in the U.S.S.R.»McCartney2:43
2.«Dear Prudence»Lennon3:56
3.«Glass Onion»Lennon2:18
4.«Ob-La-Di, Ob-La-Da»McCartney3:08
5.«Wild Honey Pie»McCartney0:52
6.«The Continuing Story of Bungalow Bill»Lennon3:14
7.«While My Guitar Gently Weeps» (George Harrison)Harrison4:45
8.«Happiness Is a Warm Gun»Lennon2:43
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
9.«Martha My Dear»McCartney2:28
10.«I'm So Tired»Lennon2:03
11.«Blackbird»McCartney2:18
12.«Piggies» (George Harrison)Harrison2:04
13.«Rocky Raccoon»McCartney3:33
14.«Don't Pass Me By» (Richard Starkey)Starr3:51
15.«Why Don't We Do It in the Road?»McCartney1:41
16.«I Will»McCartney1:46
17.«Julia»Lennon2:54
Side tre
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Birthday»McCartney med Lennon2:42
2.«Yer Blues»Lennon4:01
3.«Mother Nature's Son»McCartney2:48
4.«Everybody's Got Something to Hide Except Me and My Monkey»Lennon2:24
5.«Sexy Sadie»Lennon3:15
6.«Helter Skelter»McCartney4:29
7.«Long, Long, Long» (George Harrison)Harrison3:04
Side fire
Nr.TittelSolovokalLengd
8.«Revolution 1»Lennon4:15
9.«Honey Pie»McCartney2:41
10.«Savoy Truffle» (George Harrison)Harrison2:54
11.«Cry Baby Cry»Lennon, med McCartney3:02
12.«Revolution 9»Tale frå Lennon, Harrison, George Martin og Yoko Ono8:22
13.«Good Night»Starr3:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Beatles

Gjestemusikarar

Studiomusikarar

  • Ted Barker – trombone på «Martha My Dear»[40]
  • Leon Calvert – trompet og flygelhorn på «Martha My Dear»[40]
  • Henry Datyner, Eric Bowie, Norman Lederman og Ronald Thomas – fiolin på «Glass Onion»[41]
  • Bernard Miller, Dennis McConnell, Lou Soufier og Les Maddox – fiolin på «Martha My Dear»[40]
  • Reginald Kilby – cello på «Glass Onion»[41] og «Martha My Dear»[40]
  • Eldon Fox – cello på «Glass Onion»[41]
  • Frederick Alexander – cello på «Martha My Dear»[40]
  • Harry Klein – saksofon på «Savoy Truffle»[42] og «Honey Pie»[43]
  • Dennis Walton, Ronald Chamberlain, Jim Chest og Rex Morris – saksofon på «Honey Pie»[43]
  • Raymond Newman og David Smith – klarinett på «Honey Pie»[43]
  • Art Ellefson, Danny Moss og Derek Collins – tenorsaksofon på «Savoy Truffle»[42]
  • Ronnie Ross og Bernard George – barytonsaksofon på «Savoy Truffle»[42]
  • Alf Reece – tuba på «Martha My Dear»[40]
  • The Mike Sammes Singers – korvokal på «Good Night»[44]
  • Stanley Reynolds og Ronnie Hughes – trompet på «Martha My Dear»[40]
  • Chris Shepard – stumpf fiddle på «The Continuing Story of Bungalow Bill»[41]
  • Tony Tunstall – valthorn på «Martha My Dear»[40]
  • John Underwood og Keith Cummings – bratsj på «Glass Onion»[41]
  • Leo Birnbaum og Henry Myerscough – bratsj på «Martha My Dear»[40]


Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve

Liste (1968–70) Plassering
Australske Kent Music Report Chart[54] 1
Kanadiske RPM-lista[55] 1
Den franske albumlista[56] 1
Norske VG-lista[57] 1
Svenske Kvällstoppen[58] 2
Den spanske albumlista[59] 2
UK Albums Chart[60] 1
US Billboard Top LPs[61] 1
Den vesttyske Media Control-lista[62] 1

1987-utgåva

Liste (1987) Plassering
Den nederlandske albumlista[63] 23
Japanske Oricon-lista[64] 4
UK Albums Chart[65] 18

2009-utgåva

Liste (2009) Plassering
Den australske albumlista[66] 15
Austrian Albums Chart[67] 21
Den belgiske albumlista (Flandern)[68] 18
Den belgiske albumlista (Vallonia)[69] 23
Den danske albumlista[70] 16
Den finske albumlista[71] 33
Den tyske albumlista[72] 31
Den italienske albumlista[73] 20
Den japanske albumlista[74] 19
Den portugisiske albumlista[75] 6
Den spanske albumlista[76] 30
Den svenske albumlista[77] 11
Den sveitsiske albumlista[78] 27
Den newzealandske albumlista[79] 23
UK Albums Chart[80] 21
US Billboard Top Pop Catalog Albums[81] 7

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
UK Albums Chart[82] 2
Liste (1969) Plassering
Australian Albums Chart[54] 2
UK Albums Chart[83] 10
US Billboard Pop Albums[84] 8
Liste (2009) Plassering
Den italienske albumlista[85] 196

Tiårsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (1960-åra) Plassering
UK Albums Chart[83] 9

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[86]
Oppført som «Album Blanco»
Platina 60 000x
Argentina (CAPIF)[86]
Oppført som «The White Album»
Gull 30 000x
Australia (ARIA)[87] 2× Platina 140 000^
Canada (Music Canada)[88] 8× Platina 420,000^
Canada (Music Canada)[88]
2009 release
Gull
Frankrike (SNEP)[89] Gull 257,600[90]
Italia (FIMI)[91] Gull 30 000*
New Zealand (RMNZ)[92] 2× Platina 30 000^
Storbritannia (BPI)[93] Platina 300 000^
USA (RIAA)[94] 19× Platina 9 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[95]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Review of The Beatles [White Album]». AllMusic. Henta 22 November 2015. 
  2. Klosterman, Chuck (8. september 2009). «Chuck Klosterman Repeats The Beatles». The A.V. Club (Chicago). Arkivert frå originalen den 26. mai 2013. Henta 16. mars 2018. 
  3. McCormick, Neil (8. september 2009). «The Beatles – The Beatles, review». The Daily Telegraph. Henta 16. mars 2018. 
  4. Larkin 2006, s. 489.
  5. Graff & Durchholz 1999, s. 88.
  6. Richardson, Mark (10. september 2009). «Album Review: The Beatles: The Beatles». Pitchfork Media. Henta 16. mars 2018. 
  7. Zupko, Sarah. «The Beatles: White Album». PopMatters. Henta 16. mars 2018. 
  8. «The Beatles – Beatles (White Album) CD Album« > »Product Reviews». CD Universe/Muze. Henta 16. mars 2018. 
  9. Sheffield 2004, s. 51.
  10. Henderson, Eric (2. august 2004). «The Beatles: The Beatles (The White Album)». Slant Magazine. Henta 16. mars 2018. 
  11. «The 100 Greatest British Albums Ever». Q. 
  12. «2001 VH1 Cable Music Channel All Time Album Top 100». VH1. Henta 8. februar 2008. 
  13. «The All-Time 100 Albums». Time Magazine. Henta 8. februar 2008. 
  14. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 8. februar 2008. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 MacDonald 1997, s. 245–285.
  16. MacDonald 1997, s. 262; 272.
  17. MacDonald 1997, s. 261; 271.
  18. 18,0 18,1 MacDonald 1997, s. 258.
  19. MacDonald 1997, s. 262.
  20. 20,0 20,1 MacDonald 1997, s. 270.
  21. MacDonald 1997, s. 261.
  22. MacDonald 1997, s. 251–255.
  23. MacDonald 1997, s. 267.
  24. MacDonald 1997, s. 258; 271–272.
  25. MacDonald 1997, s. 271–272.
  26. MacDonald 1997, s. 273.
  27. 27,0 27,1 MacDonald 1997, s. 272.
  28. MacDonald 1997, s. 263; 278; 281–282.
  29. 29,0 29,1 MacDonald 1997, s. 245–284.
  30. MacDonald 1997, s. 263.
  31. MacDonald 1997, s. 271.
  32. 32,0 32,1 32,2 MacDonald 1997, s. 251.
  33. MacDonald 1997, s. 284.
  34. 34,0 34,1 Lewisohn 1988, s. 154.
  35. MacDonald 1997, s. 277.
  36. 36,0 36,1 MacDonald 2005, s. 316.
  37. MacDonald 2005, s. 310.
  38. 38,0 38,1 38,2 MacDonald 2005, s. 324.
  39. MacDonald 2005, s. 290.
  40. 40,0 40,1 40,2 40,3 40,4 40,5 40,6 40,7 40,8 MacDonald 2005, s. 322.
  41. 41,0 41,1 41,2 41,3 41,4 MacDonald 2005, s. 311.
  42. 42,0 42,1 42,2 MacDonald 2005, s. 321.
  43. 43,0 43,1 43,2 MacDonald 2005, s. 320.
  44. MacDonald 2005, s. 294.
  45. Lewisohn 1988, s. 140–143,163.
  46. Lewisohn 1988, s. 135.
  47. 47,0 47,1 Lewisohn 1988, s. 163.
  48. MacDonald 2005, s. 308.
  49. Lewisohn 1988, s. 162.
  50. Lewisohn 1988, s. 146,158.
  51. MacDonald 2005, s. 317.
  52. MacDonald 2005, s. 323.
  53. Lewisohn 1988, s. 161.
  54. 54,0 54,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  55. «Top Albums/CDs – Volume 10, No. 23» (PHP). RPM. 3. februar 1969. Henta 16. mars 2018. 
  56. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 16. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  57. «norwegiancharts.com – The Beatles – The Beatles (White Album)» (ASP). Henta 16. mars 2018. 
  58. «Swedish Charts 1969–1972» (PDF) (på svensk). Hitsallertijden. Henta 16. mars 2018. 
  59. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  60. «The Beatles« > »Albums». Official Charts Company. Henta 16. mars 2018. 
  61. «The Beatles - Chart history». Billboard. Henta 13. mai 2016. 
  62. «Album Search: The Beatles – The Beatles (White Album)» (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen (ASP) 7. juli 2014. Henta 16. mars 2018. 
  63. «dutchcharts.nl – The Beatles – The Beatles (White Album)» (ASP). Hung Medien, dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 16. mars 2018. 
  64. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  65. «Chart Stats – The Beatles – The Beatles (1987)». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 26. november 2011. Henta 12. oktober 2012. 
  66. «australian-charts.com The Beatles – The Beatles (White Album)». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen (ASP) 5. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  67. «austriancharts.at The Beatles – The Beatles (White Album)» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 16. mars 2018. 
  68. «ultratop.be The Beatles – The Beatles (White Album)» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 16. mars 2018. 
  69. «ultratop.be The Beatles – The Beatles (White Album)» (ASP). Hung Medien (på fransk). Ultratop. Henta 16. mars 2018. 
  70. «danishcharts.com The Beatles – The Beatles (White Album)». danishcharts.com. Arkivert frå originalen (ASP) 5. mars 2018. Henta 12. oktober 2012. 
  71. «finnishcharts.com The Beatles – The Beatles (White Album)» (ASP). Hung Medien. Henta 16. mars 2018. 
  72. «musicline.de chartverfolgung». hitparade.ch. Henta 16. mars 2018. 
  73. «italiancharts.com The Beatles – The Beatles (White Album)». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 5. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  74. «ja:ザ・ビートルズ«リマスター»全16作トップ100入り「売上金額は23.1億円」» [All of the Beatles' «Remastered» Albums Enter the Top 100: Grossing 2,310 Million Yen in One Week] (på japansk). oricon.co.jp. Henta 16. mars 2018. 
  75. «portuguesecharts.com The Beatles – The Beatles (White Album)». Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 5. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  76. «The Beatles – The Beatles (White Album)». Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 5. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  77. «swedishcharts.com The Beatles – The Beatles (White Album)» (ASP) (på svensk). Henta 16. mars 2018. 
  78. «The Beatles – The Beatles (White Album) – hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 16. mars 2018. 
  79. «charts.org.nz The Beatles – The Beatles (White Album)». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 5. mars 2018. Henta 16. mars 2018. 
  80. «Chart Stats – The Beatles – The Beatles (2009)». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen 26. november 2011. Henta 12. oktober 2012. 
  81. Caulfield, Keith. «Beatles and Jay-Z Dominate Charts». Billboard. Arkivert frå originalen 17. april 2012. Henta 12. oktober 2012. 
  82. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 17. desember 2007. 
  83. 83,0 83,1 «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 17. desember 2007. 
  84. Bronson, Fred (29. desember 2001). «The Year in Charts». Billboard: 66. Henta 17. juli 2014. 
  85. «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 2009» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 16. mars 2018. 
  86. 86,0 86,1 «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 16. mars 2018. 
  87. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 16. mars 2018. 
  88. 88,0 88,1 «Canadian album salstrofé – The Beatles – The White Album». Music Canada. Henta 16. mars 2018. 
  89. «French album salstrofé – The Beatles – Double Blanc» (på fransk). InfoDisc.  Select THE BEATLES and click OK
  90. «Les Albums Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 21. april 2014. Henta 16. mars 2018. 
  91. «Italian album salstrofé – The Beatles – Beatles» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. May 2013. Henta 4. juni 2013.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter The Beatles in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  92. «Latest Gold / Platinum Albums». Radioscope. 17 July 2011. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 16. mars 2018. 
  93. «British album salstrofé – The Beatles – The Beatles». British Phonographic Industry. Henta 16. mars 2018.  Enter The Beatles in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  94. «American album salstrofé – The Beatles – The Beatles». Recording Industry Association of America. Henta 16. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  95. «Beatles albums finally go platinum». British Phonographic Industry (BBC News). 2. september 2013. Henta 16. mars 2018. 
Føregangar
Toppen av VG-lista
The Beatles

10 veker
Veke 50, 1968–veke 6, 1969
Etterfylgjar
Help Yourself
Tom Jones