Albumet Von

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Von
av Sigur Rós
Språk fleire språk
Utgjeve Juni 1997
Innspelt 1995-1997
Sjanger Post-rock, ambient, shoegazing, dark ambient
Lengd 72:15
Selskap One Little Indian/Smekkleysa SM67
Kritikk
Sigur Rós-kronologi 
Von Ágætis byrjun
(1999)


Von (ˈvɔːn, 'von') er debutalbumet til det islandske post-rock-bandet Sigur Rós.

Produksjonen av albumet tok lang tid, og sluttresultatet vart merkbart annleis enn originalopptaka. Bandet vurderte å kaste det endelege resultatet og starte på nytt, men valde å ikkje gjera det sidan det ville gjort prosessen for lang. I bytte for opptakstid måla Sigur Rós studioet dei tok opp i.[7]

Von var fyrst sleppt på Island til moderat kritikk, men var ganske ukjent utanlands. I det første året plata var til sals, selde ho berre 313 kopiar på Island. Etter at dei neste albuma, Ágætis byrjun og ( ), vart populære utanlands, vart Von sleppt på nytt i Storbritannia i september 2004, og i USA ein månad seinare. I desember 2005 vart Von og Ágætis byrjun erklærte platinaalbum på Island, sidan dei hadde seld over 5000 kopier innanlands.

Det sjette sporet på Von inneheld 18 sekunder stille. Det siste sporet startar med seks minuttar og femten sekundar stille, og deretter ein del av «Myrkur» spela baklengs, som gav namnet «Rukrym».

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Spor Namn Oversetting Lengde
1 «Sigur Rós» Sigersrose 9:47
2 «Dögun» Daggry 5:50
3 «Hún Jörð …» Moder Jord 7:18
4 «Leit að lífi» Søk for liv 2:34
5 «Myrkur» Mørkre 6:14
6 «18 sekúndur fyrir sólarupprás» 18 sekunder før soloppgang 0:18
7 «Hafssól» Havssola 12:24
8 «Veröld ný óg óð» Ei verd, ny og gal 3:29
9 «Von» Håp 5:12
10 «Mistur» Tåke 2:16
11 «Syndir Guðs (Opinberun frelsarans)» Guds syndar (Frelsarens openberring) 7:38
12 «Rukrym» Erkrøm («Mørkre» baklengs) 8:59

Personar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Omsett frå Engelsk Wikipedia, som oppgav desse kjeldene:

  1. http://www.allmusic.com/album/von-mw0000633326
  2. http://www.musicomh.com/albums/sigur-ros-5_0509.htm
  3. Gardner, Noel F. (Juni 2009). "Sigur Ros – Von."
  4. http://pitchforkmedia.com/reviews/albums/7154-von/
  5. (Juli 2009)
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 5. juni 2014 
  7. «sigur rós - trivia». sigur-ros.co.uk. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]