Albumet Walk, Don't Run

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Walk, Don't Run
Studioalbum av The Ventures
Utgjeve December 5, 1960
Innspelt 1959, Joe Boles Custom Recorders, Seattle i Washington
Sjanger Instrumental rock, surf
Lengd 27:00
Selskap Dolton BLP-2003
Produsent Bob Reisdorff
The Ventures-kronologi
Walk, Don't Run The Ventures
(1961)


Walk, Don't Run er debutalbumet til The Ventures med coverversjonar av kjende songar og somme originale komposisjonar. Albumet kom ut i 1960.

Albumet vart spelt inn i 1959, men ingen plateselskap ville signere dei då, så dei starta opp Horizon Records og produserte det sjølv.

Albumet vart spelt inn i heimestudioet til Joe Boles i Seattle og det same vart det andre albumet deira, The Ventures. Albumet kom ut på Liberty-etiketten Dolton Records i desember 1960 og vart ein storseljar. Det nådde 11. plassen på Billboard-lista i USA og The Ventures fekk ei gullplate (den første av tre) for over 500 000 selde eksemplar.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder at albumet «er overraskande bra, med tanke på at det vart spelt inn i all hast i ei tid då alle visste at rock and roll-album (utanom dei frå Elvis Presley) ikkje selde særleg bra. At dette er så bra seier litt om klassen og talentet gruppa hadde så tidleg i karrieren».[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Morgen»  Peter Mosser, Noel Sherman 2:07
2. «Raunchy»  William E. Justis jr. 2:16
3. «Home»  Harry Clarkson, Jeff Clarkson, Peter Van Steeden 2:18
4. «My Own True Love (Tara's Theme)»  Max Steiner 2:14
5. «The Switch»  Bob Bogle, Nokie Edwards, Howard Johnson, Don Wilson 1:56
6. «Walk, Don't Run»  Johnny Smith 2:03
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Night Train»  Jimmy Forrest, Lewis Simpkins, Oscar Washington 2:50
8. «No Trespassing»  Bogle, Edwards, Wilson, Johnson 1:58
9. «Caravan»  Duke Ellington, Irving Mills, Juan Tizol 2:09
10. «Sleepwalk»  Ann Farina, John Farina, Santo Farina 2:04
11. «The McCoy»  Bogle, Wilson 2:07
12. «Honky Tonk»  Billy Butler, Bill Doggett, Johnnie Scott, Shep Shepherd 2:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ventures[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Bob Reisdorff – produsent
  • Joe Boles – lydteknikar
  • Garrett-Howard Inc – fotografi (framside)
  • Pate/Francis & Associates – design av plateomslag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. «Walk, Don't Run > Review». Allmusic. Henta June 22, 2016.