Albumet Walk, Don't Run
| Walk, Don't Run Studioalbum av The Ventures | ||
| Språk | inkje språkleg innhald | |
| Utgjeve | December 5, 1960 | |
| Innspelt | 1959, Joe Boles Custom Recorders, Seattle i Washington | |
| Sjanger | Instrumental rock, surf | |
| Lengd | 27:00 | |
| Selskap | Dolton BLP-2003 | |
| Produsent | Bob Reisdorff | |
| The Ventures-kronologi | ||
|---|---|---|
| Walk, Don't Run | The Ventures (1961)
| |
Walk, Don't Run er debutalbumet til The Ventures med coverversjonar av kjende songar og somme originale komposisjonar. Albumet kom ut i 1960.
Albumet vart spelt inn i 1959, men ingen plateselskap ville signere dei då, så dei starta opp Horizon Records og produserte det sjølv.
Albumet vart spelt inn i heimestudioet til Joe Boles i Seattle og det same vart det andre albumet deira, The Ventures. Albumet kom ut på Liberty-etiketten Dolton Records i desember 1960 og vart ein storseljar. Det nådde 11. plassen på Billboard-lista i USA og The Ventures fekk ei gullplate (den første av tre) for over 500 000 selde eksemplar.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder at albumet «er overraskande bra, med tanke på at det vart spelt inn i all hast i ei tid då alle visste at rock and roll-album (utanom dei frå Elvis Presley) ikkje selde særleg bra. At dette er så bra seier litt om klassen og talentet gruppa hadde så tidleg i karrieren».[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Morgen» | Peter Mosser, Noel Sherman | 2:07 |
| 2. | «Raunchy» | William E. Justis jr. | 2:16 |
| 3. | «Home» | Harry Clarkson, Jeff Clarkson, Peter Van Steeden | 2:18 |
| 4. | «My Own True Love (Tara's Theme)» | Max Steiner | 2:14 |
| 5. | «The Switch» | Bob Bogle, Nokie Edwards, Howard Johnson, Don Wilson | 1:56 |
| 6. | «Walk, Don't Run» | Johnny Smith | 2:03 |
| Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 7. | «Night Train» | Jimmy Forrest, Lewis Simpkins, Oscar Washington | 2:50 |
| 8. | «No Trespassing» | Bogle, Edwards, Wilson, Johnson | 1:58 |
| 9. | «Caravan» | Duke Ellington, Irving Mills, Juan Tizol | 2:09 |
| 10. | «Sleepwalk» | Ann Farina, John Farina, Santo Farina | 2:04 |
| 11. | «The McCoy» | Bogle, Wilson | 2:07 |
| 12. | «Honky Tonk» | Billy Butler, Bill Doggett, Johnnie Scott, Shep Shepherd | 2:44 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Ventures
[endre | endre wikiteksten]- Don Wilson – rytmegitar (solo på spor 4)
- Bob Bogle – sologitar og bass (bass på spor 2, 5, 7 og 8.)
- Nokie Edwards – bass og sologitar (solo på spor 2, 5, 7 og 8)
- Howie Johnson – trommer
- Skip Moore – trommer på spor 3 og 6.
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Bob Reisdorff – produsent
- Joe Boles – lydteknikar
- Garrett-Howard Inc – fotografi (framside)
- Pate/Francis & Associates – design av plateomslag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Walk, Don't Run (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 Eder, Bruce. «Walk, Don't Run > Review». Allmusic. Henta June 22, 2016.