Albumet Zabriskie Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zabriskie Point
Filmmusikkalbum av Forskjellige
Utgjeve Mars 1970
Sjanger Rock[1]
Lengd 36:22
Selskap MGM
Pink Floyd-filmmusikk-kronologi
More
(1969)
Zabriskie Point Obscured by Clouds
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideB–[2]

Zabriskie Point er eit filmmusikkalbum til filmen med same namn av Michelangelo Antonioni. Det vart først gjeve ut i mars 1970[3] og inneheld songar frå fleire artistar, som Pink Floyd, Grateful Dead og Kaleidoscope.[1]

I 1997 vart albumet gjeve ut på nytt med fire bonusspor kvar frå Jerry Garcia og Pink Floyd, som vart brukt i filmen, men som ikkje var på originalalbumet.[4] Jim Morrison frå The Doors skreiv songen «L'America» for filmen, men vart avvist av Antonioni («L'America» vart seinare gjeven ut på The Doors-albumet L.A. Woman). Ein Rolling Stones-song, «You Got the Silver», er med i filmen men ikkje på albumet.

Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd sine songar til albumet vart spelt inn i november-desember 1969, etter dei hadde gjeve ut Ummagumma. «Come in #51, Your Time is Up» er ei nyinnspeling av «Careful with That Axe, Eugene», som først kom som ei b-side til ein singel i desember 1968.[4] «Love Scene (Version 4)» er ein solokomposisjon av Richard Wright. «Country Song» (ôg kjend som «The Red Queen») er ein ballade med mange sjakkmetaforar. «Unknown Song» (òg kjend som «Rain in the Country») er ein roleg instrumental. «Love Scene (Version 6)» (òg kjend som «Alan's Blues») er ein bluesaktig instrumental. I tillegg vart det spelt inn to spor kalla «Fingals Cave» og «OenOne» som ikkje kom med på albumet i det heile tatt.

Pink Floyd spela òg inn andre songar som ikkje kom ut på den tida. Mest kjend er kanskje ein song av Rick Wright, som på den tida vart kalla «Violent Sequence», som seinare vart omarbeidd til «Us and Them» på The Dark Side of the Moon. Denne vart seinare gjeven ut i samlinga Dark Side of the Moon Immersion Box Set[4] Anna musikk som ikkje var gjeven ut før frå desse innspelingane kom ut i 2016 på The Early Years 1965–1972.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Village Voice-kritikaren Robert Christgau har sagt at albumet er «langt djupare og samanhengande» enn filmen.[2] Steven McDonald i AllMusic skildra det seinare som «ei rar blanding av songar», men òg «verdt å høyre» for Pink Floyd-innspelingane.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelArtist Lengd
1. «Heart Beat, Pig Meat»  Pink Floyd 3:12
2. «Brother Mary»  Kaleidoscope 2:42
3. «Excerpt from Dark Star»  Grateful Dead 2:32
4. «Crumbling Land»  Pink Floyd 4:16
5. «Tennessee Waltz»  Patti Page 3:03
6. «Sugar Babe»  The Youngbloods 2:13
7. «Love Scene»  Jerry Garcia (Grateful Dead) 7:02
8. «I Wish I Was a Single Girl Again»  Roscoe Holcomb 1:56
9. «Mickey's Tune»  Kaleidoscope 1:42
10. «Dance of Death»  John Fahey 2:43
11. «Come in Number 51, Your Time Is Up»  Pink Floyd 5:01
Bonusplate frå 1997-utgåva
# TittelArtist Lengd
1. «Love Scene Improvisations (Version 1)» (Garcia)Jerry Garcia 6:18
2. «Love Scene Improvisations (Version 2)» (Garcia)Jerry Garcia 8:00
3. «Love Scene Improvisations (Version 3)» (Garcia)Jerry Garcia 7:52
4. «Love Scene Improvisations (Version 4)» (Garcia)Jerry Garcia 8:04
5. «Country Song» (Gilmour/Waters/Wright/Mason)Pink Floyd 4:37
6. «Unknown Song» (Gilmour/Waters/Wright/Mason)Pink Floyd 6:01
7. «Love Scene (Version 6)» (Gilmour/Waters/Wright/Mason)Pink Floyd 7:26
8. «Love Scene (Version 4)» (Wright)Pink Floyd 6:45

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Steven McDonald. «Zabriskie Point - Original Soundtrack | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. juni 2019. 
  2. 2,0 2,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: Z». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 18. juni 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Billboard, 14. mars 1970
  4. 4,0 4,1 4,2 Andy Mabbett (2010), Chris Charlesworth, red., Pink Floyd: The Music and the Mystery, Omnibus Press, ISBN 978-1-84938-370-7, OCLC 762731304 Wikidata Q25766745

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]