Alby gard
59°25′27.944″N 10°36′36.436″E / 59.42442889°N 10.61012111°E
Alby gard er den eldste garden på Jeløy i Moss kommune
Garden har røter tilbake til tidleg vikingtid. Hovudbygningen blei gitt sin nåverande form etter ein brann i 1866, og i 1963 kjøpte kommunen garden av den siste private eigaren, skipsreiar Biørn Biørnstad. I dag leiger Galleri F 15 berre hovudbygningen, mens stabburet blir disponert av fylkesmannen som Jeløy Naturhus, og jorda blir forpakta bort.
Jeløy er også eit spesielt område med særeigen natur. Søre Jeløy landskapsvernområde blei til i 1983, og er med på å bevare det historiske preget på landskapet.
Park og anlegg
[endre | endre wikiteksten]Parken på Alby består av ein plen med frukt og akasietre. Parken er konstruert slik at besøkjande skal få kjensla av å vera på ei strandtomt ved at ein voll skjuler åkerar nedanfor som ligg mellom parken og sjøen.
Turområde
[endre | endre wikiteksten]Skogen som ligg ved Alby er eit populært turområde. Det er opparbeidt stigar som gjer området lett tilgjengeleg, også for rørslehemma.
I Albyskogen er Rødsåsen der ein på klare dagar kan sjå skibakken i Holmenkollen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alby gård» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Galleri F15
- Alby gard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren