Alcamo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Alcamo

Alcamo, siciliansk; Àrcamu, er ein by og ein kommune i provinsen Trapani i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 45 504 ibuarar og eit areal på 130,8 km². Byen, som er den fjerde største i provinsen, ligg 256 meter over Middelhavet, som er fem kilometer unna. Frå Alcamo er det 50 km vestover til provinshovudstaden Trapani, og 66 km aust-nordaust til Palermo.

Landbruk, vinproduksjon og utvinning av kalksteinen travertin er hovudnæringar i Alcamo.

Byen Alcamo voks fram etter at ei borg vart bygt på staden i 1340.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]