Aldor Ingebriktsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aldor Ingebriktsen
Aldor Ingebriktsen (1888-1952).jpg
Fødd16. februar 1888
Død14. november 1952
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Wilhelm Aldor Ingebriktsen (16. februar 188814. november 1952) var ein fiskar og Arbeidarparti-politikar frå Tromsøysund. Han var stortingsreprsentant frå 1922 til han døydde i 1952.

Aldor Ingebriktsen var son til ein fiskar og gardbrukar på garden Lyfjord på Kvaløya i dåverande Tromsøysund kommune. Han tok sjølv til som fiskar i 1901, og kjøpte fiskeskøyte i 1907. Inspirert av Alfred Eriksen var han aktiv i organiseringa av fiskarane. Frå 1916 var han formann i Nord-Norges fiskerforbund, ein posisjon han hadde til 1939. Samstundes tok han del i lokalpolitikken i Tromsøysund. Hausten 1921 vart Ingebriktsen vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og vart sidan attvald sju gongar. På Stortinget var han ein iherdig talsmann for nordnorske interesser, frå 1945 til -50 som formann medlem av post-, telegraf- og kystfartkomitéene. Sidan var ha medlem av samferdslekomiteen til han døydde hausten 1952. Ingebriktsen var fiskeriinspektør for Troms fylke frå 1939 til han døydde, med unnatak for ei tid under verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]