Aldrimer.no

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aldrimer.no er ein nettstad for kampanjen «Norges forsvarsevne» - ei verksemd som driv sponsa journalistikk. Stoffet vert hovudsakleg skrive av Kjetil Stormark.[1] Verksemda opptrer òg som eit byrå for aktuelle nyhendesaker som vert tilbode lokale, regionale og nasjonale medium.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2015 hadde nettstaden oppslag om saker som var oppe i dei faglege råda til forsvarssjefen. Detta skapte merksemd, og fleire nettaviser skreiv om klappjakt etter kjeldene internt i Forsvaret.[3][4] Nettstaden meinte òg hausten 2017 at Russland øvde på å invadere Svalbard som del av militærøvinga Zapad-2017,[5] og at Etterretningstenesta ikkje hadde nok kontroll over kva som hende under øvinga.[6]

Under opninga av Skup-konferansen i 2016 kritiserte SKUP-leiar Jan Gunnar Furuly verksemda, og peikte på potensialet for at Stormark lèt seg styre av dei som gjev økonomisk støtte til Stormark sitt journalistiske prosjekt.[7] Mellom anna Bergens Tidende har publisert ein artikkel frå NTB der det står at «Fra enkelte hold er det blitt hevdet at prosjektet kan bli en avansert form for innholdsmarkedsføring».[8]

Organisasjon og finansiering[endre | endre wikiteksten]

Domenet til nettstaden tilhøyrer LOGOS MEDIA LIMITED, eit norskregistrert utanlandsk føretak som er registrert i Einingsregisteret for å driva sjølvstendig kunstnerisk verksemd innan litteratur, og dessutan produksjon av film, video og fjernsynsprogram og fotografverksemd.[9][10]

Finansiering[endre | endre wikiteksten]

Klassekampen skreiv i 2015 at «Prosjektet er sponset med til sammen fem millioner kroner av investor Christen Sveaas, skipsreder Erling Lorentzen, Hans Herman Horns stiftelse, Leif Høegh Stiftelse og Steensland-fondet».[11] Kvar av deltakarane har hjelpt til med ein million kvar. Seinare har Horn og andre skote inn ytterlegare, slik at støtta våren 2016 var på over 10 millionar.[12]

I april 2016 publiserte nettstaden Medium24 ein artikkel av Kjetil Stormark der han fortalde at 1,5 millionar kroner hadde vorte brukt på «betalt markedsføring ved lanseringen av våre dokumentarfilmer. Det er mye penger. Penger vi heller ville ha foretrukket å bruke på journalistisk innhold, framfor distribusjon. Men må vi, så må vi».[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forsvarsvenner gir Stormark fem millioner til journalistisk prosjekt». 
  2. https://www.aldrimer.no/prosjektet/
  3. «Mener Forsvaret skades av lekkasjer». Minerva. 
  4. «Stormark mener Forsvaret jakter på kildene hans». 
  5. Kjetil Stormark (18.10.2017). «Russland trente på invasjon av Svalbard». Aldrimer.no. 
  6. https://www.aldrimer.no/krisemoter-etter-norsk-totalkollaps/
  7. 7,0 7,1 «– La oss gjerne ta debatten, Jan Gunnar». Medier24.com (bokmål). 10. april 2016. Henta 27. juni 2016. 
  8. http://www.bt.no/nyheter/innenriks/Skipsmegler-gir-fire-millioner-kroner-til-forsvarsjournalistikk-3581205.html
  9. http://www.proff.no/selskap/logos-media-limited/kongsberg/forlag/Z0IAVS01/
  10. orgnr 994776010 Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret, Brønnøysundregistrene, på Logos Media Limited. Sitat: «Virksomhet/art/bransje: Selvstendig kunstnerisk virksomhet innen litteratur, samt produksjon av film, video og fjernsynsprogrammer og fotografvirksomhet, og alt som står derav i den forbindelse. Næringskode(r): 90.034 Selvstendig kunstnerisk virksomhet innen litteratur»
  11. «Blar opp for opprustning». Henta 27. juni 2016. 
  12. «Skipsmegler gir 4 millioner kroner til forsvarsjournalistikk». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]