Alegranza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alegranza
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 29°23′56″N 13°30′40″WKoordinatar: 29°23′56″N 13°30′40″W
Øygruppe Kanariøyane

Areal 10,2 km²

Høgaste punkt 289 moh.
Administrasjon
Land Spania
Provins Las Palmas

Demografi
Folketal 0

Alegranza er ei øy i Atlanterhavet utanfor kysten av Afrika. Ho høyrer til provinsen Las Palmas i Kanarøyane i Spania og er den nordlegaste av Kanarøyane. Øya er ein del av Parque Natural de Archipiélago Chinijo (Lanzarote) eller Chinijoøyane naturpark.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er 10,2 km² stor. Det er ingen innbyggjarar på øya.

Fyret Punta Delgada står aust på Alegranza og vart bygd i 1865. På øya finst eit krater med ein diameter på om lag 1,1 km og ei høgd på 289 m. Dette er òg det høgaste punktet på øya. Det neste høgaste punktet er Montaña de Lobos på 256 moh. Den nordlege delen av øya er hovudsakleg flat.

Øya er ein del av kommunen Teguise på Lanzarote.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå det spanske ordet for «glede» og vart i følgje forskarar gjeven av Jean de Bethencourt fordi han følte glede då han såg land.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]