Aleksander Gierymski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksander Gierymski

Sjølvportrett, 1900
Statsborgarskap Polen, Det russiske imperiet
Fødd 30. januar 1850
Warszawa
Død

mars 1901
Roma

Yrke kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri
Aleksander Gierymski på Commons

Ignacy Aleksander Gierymski (fødd 30. januar 1850), død mellom 6. og 8. mars 1901 i Roma, var ein polsk målar frå Warszawa. Også den eldre broren Maksymilian Gierymski var ein kjend målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jødinna med appelsinane, 1880-81
Sandgravarar ved Wisla-barden, 1887

Gierymski studerte tida 1868–72 på kunstakademiet i München. For diplomarbeidet Kjøpmannen frå Venedig fekk han ei gullmedalje. Åra 1873–74 budde Gierymski i Italia, hovudsakleg i Roma. Der laga han bileta Romersk gjestehus og Moraspelar, verk som vekte åtgaum då dei vart utstilt i Warszawa.

Frå 1875 til 1879 arbeidde Gierymski på ny i Roma. Dei lysgjennomtrengde bileta han då måla, kan minne om verk av dei samtidige franske impresjonistane, verk Gierymski ikkje hadde nokon som helst kunnskap om.

I tida 1879–88 heldt Gierymski til i Warszawa, der han måla sine beste verk, slike som Jødinna med appelsinane, Sandgravarar ved Wisla-barden og Nyårsdagsfesten (Rosj hasjaná). Kunstpublikum i Warszawa viste lita interesse for desse samfunnskritiske bileta.

Trøytt og lei forlet han Warszawa i 1888 og reiste fyrst til Tyskland og seinare til Frankrike. I desse åra laga han fleire nattlege byprospekt.

Frå 1893 til –95 budde han i Krakow, der han underviste ved kunstakademiet i byen. Under ophhaldet i Krakow laga han biletet Bondelikkista.

Siste leveåra heldt Gierymski til i Italia. Han døydde på ein mentalinstitusjon i Roma.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Alexander Gierymski sitt meisterverk, Jødinna med appelsinane, dukka i november 2010 opp på ein kunstauksjon i Buxtehude. Biletet frå 1880-81, som måler 65 × 54 cm og frå 1928 var i eiga til det polske nasjonalmuseet i Warszawa, hadde då vore sporlaust forsvunne sidan andre verdskrigen.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]