Aleksander Kwaśniewski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksander Kwaśniewski

Fødd15. november 1954 (69 år)
Białogard
Statsborgar avPolen
Yrkepolitikar, journalist
InstitusjonarGeorgetown University
Utdanna vedUniversitetet i Gdańsk
EktefelleJolanta Kwaśniewska
BarnAleksandra Kwaśniewska
Alle verv
  • Polens president (1995–2005)
  • medlem av Sejm Sjå dette på Wikidata

Aleksander Kwaśniewski (fødd 15. november 1954) er ein polsk politikar og tidlegare statsleiar frå Białogard. Han var president i Polen frå 1995 til 2005, vald for Venstrealliansen (SLD).

Kwaśniewski utdanna seg i transportøkonomi ved universitetet i Gdansk. Han gjorde karriere i det statsleiande polske arbeidarpartiet og var sports- og ungdomsminister 1985–89. Frå 1989 til -91 var han president i Polens olympiske komité. Etter dei store politiske omveltingane i Polen stifta han i 1990 eit sosialdemokratisk parti (SdRP) og leia partiet til 1995. I 1991 var han med å stifte Venstrealliansen (SLD), leiar av alliansen frå 1993. Han var medlem 1991-95 av nasjonalforsamlinga Sejm.

Ved presidentvalet i 1995 fekk Kwaśniewski 51,7 prosent av røystene i andre valomgang og vann dermed over motkandidaten Lech Wałęsa. Kwaśniewski tok over som president 23. desember 1995 og førte ein markant provestlig reformpolitikk som opna for marknadsøkonomi og politisk-militær tilknyting til dei vesteuropeiske stormaktene og USA. Såleis vart Polen medlem i OECD i 1996 og NATO i 1999. Hausten 2000 var Kwaśniewski attvald i fyrste valomgang med 53,9 prosents oppslutnad. I den andre og siste presidentperioden hans gjekk Polen i 2004 inn i Europaunionen (EU). Han var president til 22. desember 2005 og vart etterfylgd av den sosialkonservative politikaren Lech Kaczyński.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]