Aleksander Walmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksander Walmann

Fødd12. januar 1986 (38 år)
FødestadPorsgrunn
OpphavNoreg
Aktiv2011–
Sjangerelektronisk musikk
Instrumentvokal
Verka somsongar

Aleksander Walmann Åsgården (fødd 12. januar 1986) er ein norsk musikar, låtskrivar og songar. I 2012 deltok Walmann i talentprogrammet The Voice – Norges beste stemmeTV 2. I 2017 vann han Melodi Grand Prix saman med musikkprodusenten JOWST og låten «Grab the Moment». Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv same året. Hausten 2017 deltok Walmann i NRK-programmet Stjernekamp, og i 2018 kom han på fjerdeplass i Melodi Grand Prix 2018 med låten «Talk to the Hand».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Walmann vaks opp i ein musikalsk familie i Porsgrunn og har vore oppteken av musikk sidan barndomen.[1][2] I 2012 melde han seg på TV 2-programmet The Voice – Norges beste stemme, der han nådde finalen. Sidan har Walmann varma opp for artistar som Sivert Høyem, Thom Hell, Ole Paus og Sondre Lerche.[3]

Hausten 2016 vart Walmann kontakta av lydteknikaren og musikkprodusenten Joakim With Steen, og han vart spurt om å syngje songen «Grab the Moment». Steen hadde komponert låten, medan Jonas McDonnell hadde skrive teksta.[4] Songen vart plukka ut til å delta i Melodi Grand Prix laurdag 11. mars 2017. Der vann songen finalen og vart det norske bidraget til Eurovision Song Contest.[5][6] «Grab the Moment» kvalifiserte seg til finalen og enda på ein tiandeplass i finalen laurdag 13. mai.

Hausten 2017 var Walmann ein av deltakarane i NRK-programmet Stjernekamp, der han enda på sjetteplass bak artistar som Ida Maria, Didrik Solli-Tangen og vinnaren Adam Douglas.[7][8]

Ved sida av musikken har Walmann tidlegare vore ein aktiv snøbrett-utøvar, og i åra 2002–2005 var han elev ved Norges toppidrettsgymnas på Geilo.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lørdagsspeilet: TV-aksjonen spesial med Aleksander Walmann». Ælvespeilet. Arkivert frå originalen 10. april 2017. Henta 9. april 2017. 
  2. «Front Page – Aleksander Walmann» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 12. mai 2017. Henta 25. desember 2017. 
  3. «Aleksander Walmann». Artistpartner. Arkivert frå originalen 13. mars 2017. Henta 12. mars 2017. 
  4. «JOWST». nrk.no. 7. februar 2017. Henta 12. mars 2017. 
  5. Ighanian, Grøtte, Talseth og Hansen, Catherine Gonsholt, Marit, Thomas og Frode (11. mars 2017). «JOWST vant MGP – vil endre sceneshowet til Eurovision». VG Nett. 
  6. Henriksen, Arve (12. mars 2017). «Vant 7500 kroner på seg selv». Aftenposten. 
  7. Aune, Oddvin (7. juni 2017). «Dette blir deltakerne i årets Stjernekamp». NRK.no (på norsk). 
  8. «Aleksander Walmann måtte forlate «Stjernekamp»». Dagbladet.no (på norsk). 30. september 2017. 
  9. Gullfabrikken-Om eventyret Norges Toppidrettsgymnas. Dinamo Forlag. 2015. ISBN 978-82-8071-314-8.