Aleksandr Goedicke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Goedicke
Gedike AF.jpg
Fødd20. februar 1877
FødestadMoskva
Død9. juli 1957
DødsstadMoskva
FødenamnАлександр Фёдорович Гедике, Aleksandr Fjodorovitsj Goedicke (også Gedike, Gödike, Goedike, Gödicke)
OpphavDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Sjangeropera, klassisk musikk
Instrumentpiano, pipeorgel
Verka somkomponist, pianist, organist, musikkpedagog, universitetslærar
PrisarStalinprisen, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Arbeidets røde fanes orden, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk

Aleksandr Fjodorovitsj Goedicke (4. mars 18779. juli 1957) var ein russisk organist, pianist, komponist og musikkpedagog.

Forfedrene til Goedicke stamma frå Tyskland, men fleire generasjonar av dei hadde allereie arbeidd som musikarar i Moskva.

I 1909 blei Goedicke utnemnd til professor i klaverspel ved konservatoriet i Moskva. Seinare underviste han òg i orgel og kammermusikk og skapte seg framfor alt eit ry som fortolkar av Johann Sebastian Bach sin musikk.

Han skreiv òg eit stort tal eigne verk, blant anna fleire operaer og symfoniar, men det meste var orgel- og klavermusikk.

Goedicke og den russiske komponisten og pianisten Nikolaj Medtner var fetrar.

Kjente verk[endre | endre wikiteksten]

  • Konsertstykke i D-dur for klaver og orkester op.11 (1900)
  • Konsert for orgel og strykeorkester op.35 (1927)
  • Trompetkonsert i b-moll op. 41 (1930)
  • Consertetyde op. 49 for trompet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]