Aleksandr Kerzjakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Kerzjakov
Kerzhakov 2017.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Aleksandr Anatoljevitsj Kerzjakov
(russisk: Александр Анатольевич Кержаков)
Fødd 27. november 1982
Fødestad Kingisepp
Høgd 176 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Zenit St. Petersburg
Nummer 11
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-01
2001-06
2006-08
2008-09
2010-
Flag of Russia.svg Svetogorets
Flag of Russia.svg Zenit
Spania Sevilla
Flag of Russia.svg Dinamo Moskva
Flag of Russia.svg Zenit

156 (64)
26 (8)
51 (20)
28 (13)
Landslag
2002- Flag of Russia.svg Russland 52 (17)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 13. oktober 2010

Aleksandr Anatoljevitsj Kerzjakov (fødd 27. november 1982 i Kingisepp i Leningrad oblast) er ein russisk fotballspelar som spelar som spiss for Zenit St. Petersburg i den russiske fotballigaen, og for det russiske landslaget.

Kerzjakov vart kåra til årets unge spelar i Russland i 2002. I 2010 vart han seriemeister i Russland med Zenit St. Petersburg. Han debuterte for Russland sitt A-landslag 27. mars 2002 i ein privatlandskamp mot Estland. Han var med i Russland sin tropp til fotball-VM i 2002, der han spelte éin kamp som innbytar. Han skåra det første landslagsmålet sitt i ein privatlandskamp mot Sverige 21. august 2002. Han var med i Russland sin tropp til fotball-EM i 2004, der han spelte éin kamp. Han var Russland sin toppskårar i kvalifiseringskampane til fotball-EM i 2008, med fem mål, men han var ikkje med i troppen til sjølve meisterskapen.

Kerzjakov er gift og har éi dotter. Veslebroren hans, Mikhail, er òg profesjonell fotballspelar, med U21-landskampar for Russland.