Aleksandr Krupskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Krupskij
Fødd 4. januar 1960
Irkutsk
Yrke friidrettsutøvar

Aleksandr Konstantinovitsj Krupskij (fødd 4. januar 1960) er ein russisk tidlegare stavhoppar frå Irkutsk som representerte Sovjetunionen og seinare Russland. Han vart europameister i 1982 under EM i Athen. I tillegg vann han tre medaljar frå ulike innandørs-EM i tidda 1981-85.

Krupskij vart europameister i Athen i 1982, då han hadde færre riv enn landsmannen Vladimir Poljakov og bulgararen Atanass Tarev som til liks med Krupskij klarde 5,60 m.

Sin personlege rekord på 5,82 meter sette Krupskij i Budapest den 20. august 1984.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1982 i Athen: Gullmedalje – 5,60 m, framom Vladimir Poljakov (5,60 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]