Aleksandr Menkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Menkov

Aleksandr Menkov Moscow 2013.jpg
Aleksandr Menkov under Moskva-VM 2013

Statsborgarskap Russland
Fødd 7. desember 1990
Minusinsk
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, militær

Aleksandr Aleksandrovitsj Menkov (fødd 7. desember 1990) er ein russisk friidrettsutøvar frå Minusinsk som i 2013 vart verdsmeister i lengdehopp.

Menkov sette i juni 2009 i Kemerovo personleg rekord i lengdehopp med eit hopp på 8,16 meter, ein månad før han vann lengdetevlinga ved junior-EM 2009. To år seinare forbetra han sin personbeste fleire gongar, sist til 8,28 m i greske Kalamáta, og etablerte seg i verdseliten i øvinga. I september tok han med 8,19 m sjetteplassen i lengde-finalen då VM i friidrett 2011 fann stad i Daegu i Sør-Korea. OL-sesongen 2012 flytta han den personlege rekorden til 8,29 m i eit stemne Brussel, men mislukkast i dei olympiske leikane i London.

Under verdsmeisterskapen 2013 på russisk jord presterte Menkov over evne i finalen, med eit bestehopp på 8,56 meter vann han ein suveren siger i lengdetevlinga. Ved dei neste verdsmeisterskapane vart han sjettemann i 2015 og fjerdemann i 2017, i den siste tevlinga hamna han fem cm bak bronsevinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]