Aleksandr Pogorelov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Pogorelov
Statsborgarskap Russland
Fødd 10. januar 1980 (44 år)
Zjeleznogorsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Aleksandr Gennadjevitsj Pogorelov (fødd 10. januar 1980) er ein russisk tidlegare mangekjemapar frå Zjeleznogorsk i Kursk oblast. Han vart tildelt bronsemedaljen etter tikampen i ved Friidretts-VM 2009 i Berlin, ein prestasjon som vart underkjent av Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) sju år seinare.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pogorelov vart andremann i sjukamp ved hall-EM 2005 i Sevilla med 6 111 poeng. Under verdsmeisterskapen i Helsinki i august same året enda han på femteplass med 8 246 poeng, etter han låg på tredjeplass før den avsluttande 1500-meteren, hans svakaste øving. I 2006 vart han nummer fire i europameisterskapen med 8 245 poeng, også då førte 1500 m han to plassar ned på resultatlista.

Med 8 328 poeng plasserte Pogorelov seg som nummer fire i tikampen under dei olympiske leikane i Beijing i 2008. Med nøyaktig 200 fleire poeng tok han bronsemedaljen ved verdsmeisterskapen i Berlin året etter, ein medalje han sidan vart fråkjent ettersom han skulle ha vore suspendert.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Då dopingprøvene frå Sommar-OL 2008 i Beijing var testa på ny i 2016, fann IOK at Pogorelov då hadde vore dopa. Det internasjonale friidrettsforbundet annullerte 2. juni 2016 alle hans resultat i perioden 23. august 2008 til 21. februar 2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]