Aleksandr Privalov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Privalov
Fødd 6. august 1933
Moskva
Yrke skiskyttar

Aleksandr Vasiljevitsj Privalov[1] (fødd 6. august 1933) er ein tidlegare skiskyttar som tevla for Sovjetunionen. Han vann sølvmedaljen på 20 km både under VM i skiskyting 1961 og Vinter-OL 1964, samt bronsemedaljen under Vinter-OL 1960.

Privalov deltok vinteren 1959 i den andre verdsmeisterskapen i skiskyting, i italienske Courmayeur vart han nummer 11. Året etter tok han bronsemedaljen på den einaste skiskytingsøvinga under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley, halvtanna minutt bak gullvinnaren Klas Lestander frå Sverige. I 1961 kleiv Privalov eitt steg opp på pallen etter VM i skiskyting i svenske Umeå, nesten tre minuttar etter finnen Kalevi Huuskonen. Året etter enda Privalov på tolvteplass då VM 1962 vart avvikla i Hämeenlinna i Finland.

Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck skaut Privalov 20 treff på 20 km skiskyting, det same gjorde landsmannen Vladimir Melanjin. Melanjin var ein klart betre langrennsløpar og tok eit suverent gull, Privalov sikra sovjetisk dobbeltsiger, medan Olav Jordet frå Noreg vann bronsemedaljen. Ved VM i skiskyting 1965Elverum var Privalov med på Sovjetunionen sitt bronselag i stafetten, den aller fyrste VM-stafetten, ein stafett som vart vunnen av dei fire utøvarane frå arrangørlandet Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Александр Васильевич Привалов

  • Sportsboken, aktuelle årgangar