Aleksandr Radisjtsjev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandr Radisjtsjev
Radishchev color.jpg
Verkeleg namn Алекса́ндр Никола́евич Ради́щев
Fødd 31. august 1749
Radischevo
Død

24. september 1802
St. Petersburg

Aleksandr Radisjtsjev på Commons
Aleksandr Radisjtsjev

Aleksandr Nikolajevitsj Radisjtsjev (31. august 174924. september 1802) var ein russisk filosof, forfattar og embetsmann (direktør for tollkammeret i St. Petersburg).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Radisjtsjev var fødd i Moskva i ein lågadeleg godseigarfamilie. På ønske frå Katarina II studerte han rettsvitskap i LeipzigGoethe var ein av medstudentane. Radisjtsjev vart påverka av opplysingstenkarar som Gabriel Bonnot de Mably, Jean-Jacques Rousseau, Claude Adrien Helvétius og Laurence Sterne.

I 1790 gav Radisjtsjev ut reiseskildringa Reise frå St. Petersburg til Moskva. Her skildra han det russiske bondelandet dels realistisk, dels sentimentalt, men boka var i røynda ein radikal kritikk av det han såg på som sosiale mistilhøve i Russland under Katarina II. Radisjtsjev kritiserte spesielt liveigenskapen, og det umenneskelege og i stor grad forfalne aristokratiet, og sette som den aller første[1] fram eit forslag om å frisetje bøndene frå liveigenskapen. Tsarina Katarina var rysta over den franske revolusjonen og heldt Radisjtsjev for «verre enn Pugatsjov»[1] (føraren for eit kosakkopprør i 1773–1775), så styresmaktene drog inn heile opplaget av verket og dømde han i 1790 til døden. Det enda med at han fekk nåde og i staden vart dømd til ti års forvising.

Etter at Katharina døydde i 1796, sette tsar Paul I Radisjtsjev fri og gav han lov til å busette seg på godset sitt. Men Radisjtsjev hadde ikkje endra syn og vart trua av personar med stor påverkingskraft. I 1802, framleis under oppsikt av politiet, tok han sitt eige liv ved å drikke salpetersyre. Han var fortvila over dei dårlege utsiktene til reformrørsla og var redd for å bli deportert på ny, men ville òg sende ut eit signal.[1]

Først i 1905 kom ei usensurert utgåve av reiseskildringa til Radisjtsjev ut, med innleiing av N.P. Silvanskij og P.E. Stjegolev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Die Dekabristen på zvab.com, henta 10. januar 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]