Aleksandr Rou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Rou
Fødd8. mars 1906
FødestadMoskva
Død28. desember 1973 (67 år)
DødsstadMoskva
Fødenamnrussisk Александр Артурович Роу
Aktive år1930–1973
Verka somfilmregissør, manusforfattar
PrisarOktoberrevolusjonsordenen, Ærestegnets orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Medaljen til minne om Moskvas 800-årsjubileum

Aleksandr Arturovitsj Rou (også Rowe, 8. mars 190628. desember 1973) var ein irsk-russisk filmregissør i Sovjetunionen, utnemnd til folkekunstnar av RSFSR i 1968. Han laga ei rekkje fantastiske barnefilmar, hovudsakleg basert på russisk folkeminne, som var svært populære og ofte blei etterlikna i Sovjetunionen.

Rou var son av ein irsk ingeniør, Arthur Rowe, som var komen til Russland i 1905 for å setja i gang mjølproduksjon, og ei gresk mor, Julia Karageorgia.[1] Faren arbeidde i Jurjevets. Han forlet familien og vende tilbake til Irland i 1914.

I 1930 blei Rou tilsett ved Mezhrabpomfilm, der han mellom anna var assistentregissør for Jakov Protazanov. Frå 1937 arbeidde han ved studioet Soyuzdetfilm, seinare kjent som Gorkij filmstudio. Den fyrste filmen hans, Po sjtsjuutsjemu veleniju (russisk По щучьему веленью, 1938), bygde på eit skodespel Jelizaveta Tarakhovskaja hadde skrive over eventyret 'Som gjedda sa' og handla om Jemelja, ein fattig bondegut som får ei tverr prinsesse til å dansa og le. Han regisserte over 20 fantasifilmar som blei enormt populære og bidrog til ei auka interesse for slike filmar blant seinare filmskaparar.

Rou døydde på eit sjukehus i Moskva i 1973 medan han heldt på å laga den siste filmen sin, Finist – jasnyj sokol, basert på eventyret 'Fjøra til falken Finist' og dikt av Mikhail Nozjkin. Gennadij Vasiljev fullførte filmen, som kom ut i 1976.

Døme på filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]