Aleksandr Samsonov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Samsonov

Fødd2. november (juliansk), 14. november (gregoriansk) 1859
FødestadAndrijivka
Død17. august (juliansk), 30. august 1914 (greg.)
DødsstadWielbark
Andre namnАлександр Васильевич Самсонов
Rangkavalerigeneral
EiningDen keiserlige russiske hær
Konfliktarden fyrste verdskrigen

Aleksandr Vasiljevitsj Samsonov (14. november 185930. august 1914) var ein russisk general som deltok i Den russisk-japanske krigen og i innleiinga til første verdskrigen.

Samsonov vart offiser 18 år gammal som kornett i kavaleriet i Den keisarlege russiske hæren i 1877 og generalløytnant i 1904. Under Den russisken-japanske krigen hadde han kommandoen over den sibirske kosakkstyrken.

I åra 1905-1907 var han var han stabssjef ved Warszawa militærdistrikt, og han vart i 1907 general og sjef for den donske kosakkarméen.

I 1909 til 1914 var han generalguvernør i Turkestan. Då første verdskrig braut ut fekk han kommandoen over den andre Narev-arméen, som 24. august 1914 rykte inn i det sørlege Austpreussen frå Polen.

Det russiske angrepet var planlagd som ein knipetangsmanøver, med framrykking på kvar side av Dei masuriske sjøane. Dette sjølandskapet vart vurdert som vanskeleg å trenga igjennom, i og med at sjøane var skilt av berre smale tangar og området var tungt forskansa av tyskarane. Den 1. russiske armeen under Paul von Rennenkampf skulle invadera Austpreussen nord for sjøane, medan 2. armé under Samsonov skulle gå inn sørvest for dei. Planen var at dei skulle møtast bak den 8. armeen til tyskarane, og deretter utsletta den.

Det dårlege sambandet mellom dei to russiske armeane førte til at dei rykka fram i eit ulikt tempo og Samsonov gjekk inn i ei felle. Under slaga ved Tannenberg 24.–31. august vart Samsonovs 2. armé omringa av den tyske Åttande armeen under leiing av Paul von Hindenburg og lei eit knusande nederlag. Som følgje av denne katastrofen skaut Samsonov seg natta til 30. august i nærleiken av Neidenburg i Austpreussen, i dagens polske Ermelandskmasuriske voivodskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]