Aleksandr Solzjenitsyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Solzjenitsyn

Statsborgarskap Sovjet-Russland, Sovjetunionen, Russland
Fødd 11. desember 1918
Kislovodsk
Død

3. august 2008 (89 år)
Moskva

Yrke skribent, historikar, romanforfattar, manusforfattar, skodespelforfattar, lyrikar, offentlig person, prosaforfatter, kommentator, skolelærer, militær, militant aktivist, skribent
Språk russisk
Medlem av Den sovjetiske forfatterforeningen, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Det russiske vitskapsakademiet, American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste
Religion Den russisk-ortodokse kyrkja
Far Isaackly Semyonovich Solzhenitsyn
Mor Taisiya Zakharovna Shcerbak
Ektefelle Natalia Solzhenitsyna, Natalya Reshetovskaya
Nettstad http://www.solzhenitsyn.ru, https://www.solzhenitsyncenter.org/
Aleksandr Solzjenitsyn på Commons
Aleksandr Solzjenitsyn

Aleksandr Isajevitsj Solzjenitsyn (11. desember 19183. august 2008), russisk Алекса́ндр Иса́евич Солжени́цын var ein russisk forfattar, historikar og nobelprisvinnar. Han gjorde verda merksam på dei sovjetiske slaveleirane (Gulag) og var kritisk til russisk styre under og etter sovjettida.

Solzjenitsyn tenestegjorde som kaptein i artilleriet under andre verdskrigen. Etter å ha sett den brutale framferda til sovjetiske soldatar i Polen og Tyskland skreiv han diktet «Prøyssiske netter». Han blei arrestert i februar 1945 for å ha kalla statsleiaren Stalin for «han med barten» i eit brev til ein ven, og i juli det året dømd til ti år i fangeleir. Opplevingane i Gulag førte til bøker som En dag i Ivan Denisovitsj' liv og Gulag-arkipelet. Seinare verk som til dømes I første krets og Kreftavdelingen gav Solzjenitsyn stor vyrnad, og han fekk Nobelprisen i litteratur i 1970.

Solzjenitsyn mista det sovjetiske statsborgarskapet sitt og levde i eksil frå 1974, først i Tyskland, der han budde hjå venen Heinrich Böll, deretter Sveits og til sist i Vermont i USA. Han vitja også Noreg ei tid og vurderte å slå seg ned der. Etter enden på Sovjetunionen drog han tilbake til Russland i 1994. Han heldt fram med sitt virke som regimekritikar også av det nye styret i Russland.

Solzjenitsyn døydde i Moskva av hjartesvikt, 89 år gammal.

Referansar[endre | endre wikiteksten]