Aleksandr Tsjivadze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandr Tsjivadze

Aleksandr Chivadze.1981.jpg
Aleksandr Tsjivadze i 1981

Statsborgarskap Sovjetunionen, Georgia
Fødd 8. april 1955
Karatsjajevsk
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Aleksandr Gabrielis dze Tsjivadze (fødd 8. april 1955) er ein georgisk tidlegare fotballspelar frå Klukhori som spelte 46 landskampar for Sovjetunionen og vann cupvinnarcupen 1981 med Dinamo Tbilisi. Han var midtstoppar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Tsjivadze spelte på Dinamo Tbilisi frå 1974 til han la opp i 1987. Med laget frå Tbilisi vann han i 1976 finalen i sovjet-cupen med 3-0 over Ararat Jerevan. Tre år seinare var han ein av eksekutørane som syrgde for at Tbilisi vann cupfinalen mot Dynamo Moskva på straffeskyting. Same året vann Dinamo Tbilisi dobbeltsiger då laget også gjekk til topps i seriemeisterskapen i Sovjetunionen. Våren 1981 slo Dinamo ut West Ham United og der etter Feyenoord på sin veg til finalen i cupvinnarcupen. Den 13. mai 1981 kunne lagkaptein Tsjivadze heve turneringspokalen etter Dinamo Tbilisi vann med 2-1 over Carl Zeiss Jena framfor 4 750 tilskodar på Rheinstadon i Düsseldorf.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1980-87 spelte Tsjivadze 46 landskampar for Sovjetunionen. Han deltok med laget under VM i fotball 1982, der Sovjetunionen rauk ut etter kvartfinalen mot Belgia. Også i 1986 var han med i VM-troppa, men kom ikkje på bana. Tsjivadze var lagkaptein i 25 landskampar, fast kaptein i 1982-84. Han skåra 3 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1981 med Dinamo Tbilisi
  • Sovjetisk seriemeister: 1979 med Dinamo Tbilisi
  • Sovjetisk cupmeister: 1976 og 1979 med Dinamo Tbilisi

Tsjivadze var landslagssjef for Georgia 1993-97 og 2001-03.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]