Hopp til innhald

Aleksandr Tutsjkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Tutsjkin


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 15. juli 1964 (60 år)
Lviv
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Idrettens mester i Sovjetunionen

Aleksandr Arkadjevitsj Tutsjkin (fødd 15. juli 1964) er ein tidlegare handballspelar frå Minsk som 1986–91 representerte Sovjetunionen, 1992–95 Belarus og 1999–2004 Russland. Han vart olympisk meister 1988 og på ny i 2000. 2,03 meter høge Tutsjkin var høgre rykkromspelar og kjend for sine harde skot.

Tutsjkin var aktiv på SKA Minsk frå 1984 til -90, ein lag som i hans tid sigra i fire europeiske klubbturneringar. Deretter spelte han på tyske lag i over 10 år. Fyrst gjorde han teneste i TUSEM Essen til 1998, så var han to sesongar i GHW Minden. Etter nokre månader hos Eintracht Hildesheim, flytta han i desember 2000 til spanske Cantabria. Sidan spelte han 2002-04 for greske Fílippos Véria. Frå 2004 til han la opp i 2006 var han etter tur innom Hannover-Burgdorf og Wilhelmshaven.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Tutsjkin vart olympisk meister 1988 for Sovjetunionen. Både i 1990 og 1999 tok han del då det vart tap mot Sverige i finalar i verdsmeisterskap, i begge kampane var han laget sin toppskårar. Det var han også då Russland vann OL-finalen 2000 i Sydney, også då stod det svenske laget på motsett banehalvdel. Han deltok også i Sommar-OL 2004 i Aten, der det vart bronse på det russiske mannskapet. Tutsjkin fekk 160 landskampar for Sovjetunionen, 10 for Belarus og 92 for Russland.

  • Sommar-OL 1988: Gullmedalje, 32-25 over Sør-Korea
  • VM 1990: Sølvmedalje, 23-27 mot Sverige
  • VM 1999: Sølvmedalje, 24-25 mot Sverige
  • EM 2000: Sølvmedalje, 31-32 mot Sverige
  • Sommar-OL 2000: Gullmedalje, 28-26 mot Sverige
  • Sommar-OL 2004: Bronsemedalje, 28-26 mot Ungarn
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 1987, 1989 og 1990 for SKA Minsk
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1988 for SKA Minsk
  • Vinnar av EHF-europaserien: 1994 for TUSEM Essen
  • Sovjetisk seriemeister: 1985, 1986, 1988 og 1989 for SKA Minsk
  • Tysk pokalvinnar: 1991 og 1992 for TUSEM Essen
  • Gresk seriemeister: 2003 for Fílippos Véria
  • Gresk cupmeister: 2003 for Fílippos Véria