Aleksandra Ekster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandra Ekster
Alexandra Exter Costume design for Romeo and Juliette 1921.jpg
Fødd 18. januar 1882
Białystok
Død

17. mars 1949
Fontenay-aux-Roses

Yrke kunstmålar, kostymedesignar
Teaterkostyme teikna av Aleksandra Ekster for oppseting av Oscar Wilde sitt skodepsel Salome på Kamernyteateret i Moskva i 1922.

Aleksandra Ekster (18. januar 188217. mars 1949) var ein russisk avantgardistisk kubofuturistisk/suprematistisk kunstnar og formgjevar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ekster var fødd Aleksandra Aleksandrovna Grigorovitsj i Bialystok i Polen som dotter av den velståande kviterussiske forretningsmannen Oleksandr Hryhorowycz. Ho fekk ei grunding privatutdanning i språk, musikk og kunst på gymnas i Kiev. Seinare utdanna ho seg i måleri ved kunstakademiet i Kiev, der læraren hennar var den ukrainske kunstnaren Mykola Pymonenko. Der vart ho ven med store ukrainske artistar som Oleksandr Bohomazow og Alexander Archipenko. År 1903 gifte ho seg med advokaten Mykola Exter. Nokre år seinare, ca. 1907, flytta ho til Paris, der ho studerte fleire månader på Académie de la Grande Chaumière. Mellom 1908 og 1937 hadde ho utstillingar i Paris, Roma, Berlin, London, New York, Praha, Kiev, Odessa, St. Petersburg og Moskva.

I 1914 deltok Aleksandra Ekster i Salon des Indépendants i Paris saman med Kasimir Malevitsj, Oleksandr Archypenko, Vadim Meller, Sonia Delaunay-Terk og andre artistar og i Internasjonale futuristutstillinga i Roma saman med Alexander Archipenko, Nikolai Kulbin og Olga Rozanova. I 1915 slutta ho seg til den avantgardistiske artistgrupperinga suprematistane.

I åra like etter den russiske revolusjonen i 1917 var Aleksandra Ekster ein av dei ledande avantgarde-kunstnarane i Ukraina. I 1919 laga ho og artistkollegaer dekorasjonar i abstrakt stil for gater og plassar i Kiev og Odessa i samband med revolusjonsfeiringane.

I 1924 skapte Ekster kostyme og delar av scenografien for science fiction-filmen Aelita. Seinare same år emigrerte paret Ekster til Frankrike og busette seg i Paris. Alexandra Exter blei først tilsett som professor ved Academie der Moderne og seinare, 1926-30 ved Fernand Légers Académie d'Art Contemporain. 1936 deltok ho i samlingsutstillinga Cubism and Abstract Art i New York hadde ei mengd soloutstillingar i Praha og Paris. Frå 1936 jobba ho som bokillustratør for Parisförlaget Groupe Flammarion der ho var verksam fram til ho døydde i 1949.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bing & Bringsværd (2010) Dobbelgjengere: Om maskinmennesker og menneskemaskiner i fantastisk litteratur, Frå Take me to your leadrer! The great escape into space, red. Stina Högkvist, sid:73-75, ISBN 978-82-8154-053-8