Aleksandra Gorjatsjkina
Aleksandra Gorjatsjkina | |
![]() | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 28. september 1998 (26 år) |
Språk | russisk |
Aleksandra Gorjatsjkina på Commons |
Aleksandra Jurjevna Gorjatsjkina[a] (fødd 28. september 1998 i Orsk) er ein russisk sjakkspelar og stormeister. Ho er rangert som den 3. beste kvinnelege sjakkspelaren i verda etter FIDE-rating, bak Hou Yifan og Koneru Humpy. Hennar topprating på 2611 gjer ho til den fjerde høgaste rangerte kvinna i sjakkhistoria, og den høgaste rangerte russiske kvinna nokonsinne. Gorjatsjkina konkurrerte under finalen i verdsmeisterskapen for kvinner i 2020, men tapte i tiebreak i hurtigsjakk mot Ju Wenjun. Ho er også tre gongar russisk meister i sjakk for kvinner, høvesvis i 2015, 2017 og 2020. I august 2023 vann ho FIDEs verdsmeisterskap for kvinner etter å ha sigra over Nurgjul Salimova i tiebreak.[1]
Gorjatsjkina har to sigrar frå Junior-VM for jenter, og i ein alder av 13 år ble Gorjatsjkina den tredje yngste kvinnelege stormeister gjennom tidene, berre bak Hou Yifan og Jekaterina Lagno. I 2018 blei hun den femte yngste kvinna som har mottatt stormeistertittelen.
Nokre av dei beste prestasjonane til Gorjatsjkina har vore under Russian Championship Higher League der ho scora 5½ av 9 poeng i både 2018 og 2020 og med endt rating på 2713 og 2656. I Russian Team Championship Higher League scora ho 6 av 8 poeng i 2019 og enda med ei rating på 2670.
Tidleg liv og bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]
Aleksandra Gorjatsjkina blei fødd 28. september 1998 i Orsk i Orenburg oblast i Russland. Mora Larisa Matvijenko og faren Jurij Gorjatsjkin er båe erfarne sjakkspelarar.[2] Faren hennar er FIDE-meister med ei FIDE-rating på 2395.[3] Mora er ein russisk idrettsmeisterkandidat i sjakk med ein topp FIDE på 2210.[4][5][6] Faren hennar er også sjakktrenar og offisiell FIDE-trenar.[3] I tillegg har Gorjatsjkina ein 12 år yngre syster, Oksana, som også er sjakkspelar.[7]
Trass for bakgrunnen til foreldra var Gorjatsjkina i utgangspunktet ikkje interessert i sjakk, men føretrekte i staden aktivitetar som dans og bordtennis.[8] Ho blei derimot etter kvart meir interessert i sjakk og byrja å spele i ein alder av seks.[9] Då Gorjatsjkina gjekk i barnehagen tok faren ho med til kveldssjakkskulen for barn. Ifølgje mora lærte Gorjatsjkina i stor grad medan ho såg på førelesingane til faren frå sidelinja.[8] Faren hennar enda opp som hennar fyrste trenar. Gorjatsjkina var i stand til å sigre over mora si i ein alder av ni, og faren ikkje lenge etter.[10] Etter hennar fyrste verdsmeisterskap for ungdom flytta Gorjatsjkina og faren til Salekhard i Sibir i 2011, slik at ho kunne trene ved Anatolij Karpovs «Polar Chess School», der faren hennar også skulle jobbe som trenar.[5] Etter omtrent eit år flytta mora og hennar yngre syster også til Salekhard.[11] På Polar Chess School byrja ho å trene med stormeisteren Vladimir Belov.[12]
Sjakkarriere
[endre | endre wikiteksten]2008–14: To gongar juniorverdsmeister
[endre | endre wikiteksten]
Gorjatsjkina hadde stor suksess under Ungdoms- og Junior-VM i sjakk, og var generelt ein av dei høgaste rangerte spelarane under desse turneringane. Ho vann til saman fem gullmedaljar i jentemeisterskapane, i divisjonen under 10 i 2008[13], divisjonen under 14 år i 2011[14], og divisjonen under 18 år i 2012[15], og to i divisjonen under 20 i 2013 og 2014.[16][17] Ho vant også ein bronsemedalje i 2009 og enda 1½ poeng bak Sarasadat Khademalsharieh etter 11 rundar.[18] Gorjatsjkina vann gull i divisjonane under 10, under 14 og under 20 som toppseeda i desse arrangementa.[13][14][17][15] Hennar beste prestasjon under desse turneringane var i 2011, der ho scora ein perfekt score på 9/9. I løpet av turneringa sigra ho over dei neste tre beste plasserte spelarane, inkludert bronsemedaljevinnar Khademalsharieh. Gorjatsjkina enda med ei rating på 2313.[14] Gorjatsjkina vann igjen over Khademalsharieh sitt andre verdsmeisterskap for jenter i 2014, og enda 1½ poeng føre etter 13 rundar.[17] Gorjatsjkina hadde liknande suksess i EM i sjakk for ungdom. Etter å ha vunne ein sølvmedalje i 2009[19] , vann ho gull i 2010[20], 2011[21] og 2012.[22]
Gorjatsjkina nådde fyrst ei FIDE-rating over 2000 i januar 2009 som 10-åring. Ho fekk 60 ratingpoeng av å vinne det russiske PriFR under 18-arrangementet i 2008.[23][24] Hennar største rangeringshopp var i 2011, då ho steig nesten 300 poeng frå 2045 til 2333. [25] Etter å ha oppnådd tittelen kvinneleg FIDE-meister fekk ho 48 ratingpoeng.[26][27] Ho konkurrerte deretter i sitt fyrste europameisterskap for kvinner og scora 5½ av 11 poeng, og vann blant anna over den kvinnelege stormeisteren Olga Girja.[28] Gorjatsjkina følgde opp suksessen ved å kome på delt fyrsteplass under Czech Open, og hamna på ein klar fyrsteplass under Ljudmila Rudenko[29] Memorial.[30][31][32] Under Czech Open mottok hun tittelen Kvinneleg internasjonal meister og fekk også ein kvinneleg stormeister-norm.[23]
Etter gjennombrotsåret i 2011 fortsette Gorjatsjkina å jamnleg stige i rating i 2012, og nådde 2400 for fyrste gong i januar 2013.[33] Tidleg i 2012 oppnådde ho ytterlegare to kvinnelege stormeister-normar, derav den siste kom under hennar andre europameisterskap. Sidan ho allereie var rangert over 2300 blei hun ein av dei yngste kvinnelege stormeistrane i historia i ein alder av 13 år, 5 månader og 14 dagar, litt over eit år bak Hou Yifan som oppnådde bragden då ho var 12 år og 3 månader gammal.[34][35]
Gorjatsjkina opprettheldt ei rating på rundt 2400 i 2013 og 2014, og nådde så høgt som 2441 i desember 2014.[36] Ho deltok i Tata Steel C-turneringa i Wijk aan Zee i januar 2013 og scora nær botnen med 3½ av 13 poeng.[37] Ho valde å konkurrere i open klasse under den russiske meisterskapen i 2013 og enda på ein andreplass med 6½ av 9 poeng.[38] Takka vere ein delt andreplass under Women's Russian Championship Higher League[39] kvalifiserte ho for fyrste gong seg til superfinalen av den russiske kvinnemeisterskapen. Der scora ho 4½ av 9 poeng og enda på ein delt fjerdeplass. Året etter scora ho 5½ av 9 poeng og enda på ein delt tredjeplass.[40][41] Gorjatsjkina oppnådde også ein internasjonal meister-norm i 2013 og 2014 under høvesvise European Individual Women's Chess Championship og i open klasse under European Individual Chess Championship.[23][42] I 2014 sigra ho over Boris Savtsjenko og Alexander Ipatov, to stormeistrar som båe var rangert over 2600.[43][44]
2015–18: Stormeister og dobbelt russisk meister
[endre | endre wikiteksten]
Gorjatsjkina var nær ved å nå ei rating på 2500 i løpet av 2015, men oppnådde ratinga først i januar 2016 som 17-åring.[45] Ho fekk sin tredje og siste IM-norm under European Individual Championship i 2015.[46] Sjølv om ho mottok fleire normar i løpet av dei neste åra blei ho aldri offisielt tildelt tittelen Internasjonal meister.[47][48] Gorjatsjkina debuterte i verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2015 der ho blei slått ut i andre runde av Anna Muzytsjuk.[49] To av hennar beste resultat i 2015 kom mot slutten av året, då ho blei russisk kvinnemeister og vann den russiske cupen for kvinner for andre gong.[50][51] Ho vant superfinalen under den russiske kvinnermesiterskapen med ein poengsum på 8 av 11 (+6–1=4)[b] medan ho framleis berre var 16 år gammal.[50] Med denne prestasjonen fekk ho også sin fyrste stormeister-norm. [23]
Etter å ha passert 2500 falt Gorjatsjkina tilbake til rundt 2400 i mai 2016 og nådde ikkje 2500 igjen før i juni 2018.[52] Ho mottok ikkje fleire stormeister-normar i 2016, og fekk i beste fall tre ekstra overflødige IM-normar.[53][54] Ho klarte ikkje gjenta førre års prestasjon under superfinalen i den russiske kvinnemeisterskapen i 2016 og scora berre 5 av 11 poeng.[55] Gorjatsjkina bedra ratinga sin igjen i 2017.[25] Sjølv om ho nok ein gong tapte i andre runde av verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2017 fekk ho ein stormeister-norm under europameisterskapen for kvinner.[49] Ho kapra sølvmedaljen i turneringa, og enda med ein poengsum på 8/11, eit ½ poeng bak Nana Dzagnidze.[56] Mot slutten av året vann Gorjatsjkina sin andre russiske kvinnemeisterskap. Ho sigra over Natalja Pogonina[57] i eit sluttspel i hurtigsjakk etter at dei enda på delt fyrsteplass med 7 av 11 poeng.[58]
Gorjatsjkina klatra tilbake til ei rating på 2500 i løpet av 2018, og nådde ei ny topprating på 2535 i august.[59] I april fekk ho sin tredje og siste stormeister-norm under Aeroflot Open A.[60] I løpet av turneringa scora ho 4½ av 9 poeng (+1–1=7) mot ni spelarar rangerte mellom 2571 og 2625, inkludert åtte stormeistrar.[61] Ho blei den femte yngste kvinna som fekk stormeistertittelen då ho var 19 år og 5 månedar gammal.[62] Som fersk stormeister hadde ho nok ei auking i rating under Russian Championship Higher League i august, og fekk 26 ratingpoeng etter ein enda poengsum på 5½ av 9 og ei rating på 2713 mot motstandarar som alle hadde rating over 2600.[63][64] Med denne aukinga i rating blei ho også blant dei topp 10 beste kvinnene gjennom tidene.[65] Ho tapte derimot under andre runde av verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2018 og enda på ein delt tredjeplass under den russiske kvinnemeisterskapen.[49][66]
2019–: VM-utfordrar
[endre | endre wikiteksten]
Gorjatsjkina fekk tilbake de fleste ratingpoenga ho tapte i dei føregåande månadene i byrjinga av 2019. Ho scora 6½ av 11 under europameisterskapen i 2019, og markerte seg særleg etter ein siger over Rauf Məmmədov som då hadde ei rating på 2701.[67] Ho gjorde deretter eit stort gjennombrot under Kandidatturneringa som blei gjenoppliva i samband med oppløysinga av utslagsformatet som hadde blitt brukt dei siste to tiåra.[68] Gorjatsjkina vann overlegent turneringa med 1½ poeng. Ho scora totalt 9½ av 14 poeng og vann med to rundar igjen i kraft av å ha 9 poeng og ei leiing på 2½ poeng etter tolv rundar.[69][70] Med ei dominerande rating på 2666 rykka ho opp til nr. 3 i verda, berre bak Hou Yifan og den regjerande verdmeisteren for kvinner Ju Wenjun.[71] Ho vann også moglegheita til å utfordre Ju i verdmeisterskapen.[70]
Under verdsmeisterskapen for kvinner 2020 var fyrste omgang i Kina og andre omgang i Russland. I Kina vann Ju og Gorjatsjkina kvart sitt parti med kvit.[72][73] I Russland tok Gorjatsjkina leiinga i den åttande runden[74] før Ju vann to rundar på rad, der den andre var den einaste sigeren med svart i turneringa.[75] Likevel vann Gorjatsjkina det siste klassiske partiet og turneringa måtte avgjerast med ein serie på fire tiebreak-kampar i hurtigsjakk.[76] Etter at Gorjatsjkina ikkje klarte å ta fordelen av gode vinnarsjansar i det fyrste partiet med svart, vann Ju den tredje kampen med kvit. Ettersom dei andre tiebreak-kampane enda med remis, vann Ju kampen og beheldt verdsmeistertittelen.[77]
I 2021 scora Gorjatsjkina 6,5 av 9 poeng under Open Russian Championship Higher League. Med dette resultatet kvalifiserte ho seg til den 74. russiske superfinalen. [78][79]
I august 2023 vann Gorjatsjkina Women's Chess World Cup mot Nurgjul Salimova.[80]
Lagkonkurransar
[endre | endre wikiteksten]Ungdomsarrangement
[endre | endre wikiteksten]Gorjatsjkina sin fyrste ungdomslagssuksess var då ho leia Russland til ein gullmedalje med ein perfekt poengsum på 3 av 3 poeng på fyrstebordet under EM for jenter under 18 år i 2012.[81] Ho spelte på andrebordet under sjakk-OL 2014 i klassen under 16. Russland enda på andreplass rett bak India.[82] Individuelt enda Gorjatsjkina på ein fjerdeplass på andrebordet, og vann gullmedalje for jenter. Ho vann også briljantprisen for sin sjuande runde med svart mot Cemil Can Ali Marandi på grunn av eit farleg offerspel med eit tårn og ein springar på kongesida.[83][84]
Internasjonale arrangement
[endre | endre wikiteksten]
Gorjatsjkina har representert Russland i kvinneklassane ved EM i lagsjakk, VM i lagsjakk og i sjakk-OL. Ho debuterte på det russiske kvinnelaget på reservebordet ved EM i lagsjakk i 2013, og scora 2½/5 og bidrog til at Russland vann ein sølvmedalje, rett bak Ukraina.[85] Hennar neste store landslagsdeltaking var under verdsmeisterskapen for kvinner i 2015 der ho scora 5/7 og sikra seg ein sølvmedalje på fjerde bord.[86][87] Seinare på året spelte ho ved bord tre i EM for kvinner, og vann både individuell- og laggull.[88]
Gorjatsjkina gjorde sin OL-debut i 2016 på det tredje bordet. Ho presterte ikkje veldig bra og scora 4,5/9 med ei rating på 2328 og ein fjerdeplass for det russiske laget.[89] I sitt andre verdensmesterskap i lagspill i 2017 vann Gorjatsjkina sitt fyrste laggull, og spelte på fjerde bordet bak Aleksandra Kostenjuk, Jekaterina Lagno og Valentina Gunina. Ho vann bronse ved fjerde bord.[90] Russland vann nok ein gullmedalje under EM seinare på året, det Gorjatsjkina igjen spelte på det fjerde bordet.[91]
Nasjonale arrangement
[endre | endre wikiteksten]Gorjatsjkina har også representert sin region JaNAO under den russiske lagmeisterskapen. Dei hadde ingen gode resultat frå 2013 til 2015, og enda på sisteplass i 2014 og 2015. Gorjatsjkina spelte på tredje bord alle desse åra og presterte bra i 2015 med ei rating på 2638.[92][93][94]
Historiske prestasjonar
[endre | endre wikiteksten]Gorjatsjkina er den fjerde høgaste rangerte kvinna i sjakkhistoria, etter å ha nådd ei FIDE-rating på 2611 i august 2021. Dei einaste kvinnene som har blitt rangert høgare enn ho er Judit Polgár, Hou Yifan og Koneru Humpy. Ho er også den høgaste rangerte russiske kvinna i sjakkhistoria, foran systrene Nadezjda og Tatjana Kosintseva som hadde ratinger på høvesvise 2576 og 2581.[95][96]
Spelestil
[endre | endre wikiteksten]Gorjatsjkina føretrekkjer å spele 1.d4 (Dronningbondespel) med kvit, og brukar denne opninga i meir enn halvparten av partia sine. Hennar hyppigaste opningar med 1.d4 er avslått dronninggambit (1.d4 d5 2.c4 e6) og katalansk (1.d4 Nf6 2.c4 e6 3.g3). Med svart forsvarar Gorjatsjkina oftast 1.d4 med slavisk (1.d4 d5 2.c4 c6) og forsvarar vanlegvis 1.e4 med Caro-Kann (1.e4 c6).[97]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «FIDE World Cup: Goryachkina wins Women's World Cup; Praggnanandhaa eliminates Caruana to reach finals». Henta 22. august 2023.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Jouri Goriatchkin». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «Larisa Matvienko». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 5,0 5,1 Tregub, Elena. «Гроссмейстер мечтает о короне». Arkivert frå originalen 2. august 2022. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «FIDERating List: July 1997». Henta 5. desember 2020.
- ↑ «OksanaGoriachkina». Henta 16. januar 2020.
- ↑ 8,0 8,1 Rybakov, Denis. «День "Х" настал. Рассказываем про Александру Горячкину, которая уже сегодня может войти в историю». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ Tregub, Elena. «Гроссмейстермечтает о короне». Arkivert frå originalen 2. august 2022. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ Kublashvili, Eteri. «Александра Горячкина: В круговиках мне всегда легче играется». Arkivert frå originalen 21. oktober 2020. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 13,0 13,1 «World Youth Chess Championship 2008 – Girls 10». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 «World Youth Chess Championship 2011 – U 14 Girls». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 15,0 15,1 «World Youth Chess Championship 2012 – U18 Girls». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «World Junior Championship (Girls) (2013)». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 17,0 17,1 17,2 «World Under 20 Girls Chess Championship 2014». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «World Youth Chess Championship 2009 (U12G)». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «European Youth Chess Championship 2009 Girls – 12». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «European Youth Chess Championship Batumi 2010 - Girls Under 12». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «European Youth Chess Championship Albena 2011 - Girls Under 14». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «European Youth Chess Championship G18 Prague 2012 - Girls Under 18». Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 23,0 23,1 23,2 23,3 «Aleksandra Goryachkina». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings January 2009». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ 25,0 25,1 «Aleksandra Goryachkina Rating Progress Chart». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «61 Women's RUS Chmp 2011 FL». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings May 2011». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings July 2011». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings September 2011». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings November 2011». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Superior in the Lyudmila Rudenko Memorial». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Rating Progress Chart». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina becomes WGM at 13». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Rating Progress Chart». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Crowther, Mark. «75th Tata Steel Wijk aan Zee 2013». Henta 21. august 2015.
- ↑ «Russian Youth won by Artemiev and Kashlinskaya». Henta 21. august 2015.
- ↑ Crowther, Mark. «66thRussian Championship Higher League 2013». Henta 21. august 2015.
- ↑ «Superfinal.Woman.2013». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Crowther, Mark. «RussianChampionship Superfinal 2014». Henta 25. august 2015.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina: International Master (IM)». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings February 2014». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings April 2014». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Rating Progress Chart». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «European Individual Chess Championship 2015». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina: International Master (IM)». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ 49,0 49,1 49,2 «Aleksandra Goryachkina». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ 50,0 50,1 «Tomashevsky and Goryachkina Become Champions». Henta 20. august 2015.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina wins Women Russian Cup 2015». Henta 3. januar 2016.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Rating Progress Chart». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina: International Master (IM)». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings November 2016». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «18thEuropean Women's Championship 2017». Henta 3. januar 2018.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ «PeterSvidler and Aleksandra Goryachkina are 2017 Russian Champions». Henta 2. januar 2018.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Rating Progress Chart». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «AeroflotOpen 2018 A». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Steincamp, Isaac. «TheYoungest Chess Grandmasters In History». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings August 2018». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «RussianChampionship HL 2018 Male». Henta 19. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Top Lists». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings October 2018». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Standard Ratings August 2019». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Newformat for the Women's World Championship Cycle». Henta 10. desember 2020.
- ↑ Pereira, Antonio. «Goryachkinais the new World Championship challenger». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ 70,0 70,1 Houska, Jovanka. «Goryachkina Wins Women's Candidates' With 2 Rounds To Spare». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina Top Lists». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Kulkarni, Rakesh. «Women's World Chess Championship: Ju Wenjun Strikes 1st». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Kulkarni, Rakesh. «FIDEWomen's World Championship: Goryachkina Strikes Back As Match Moves To Russia». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Fischer, Johannes. «Goryachkinagrabs the lead». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Kulkarni, Rakesh. «FIDE Women's World Championship: Ju Wenjun Strikes Twice, Leads With 2 Games To Go». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Kulkarni, Rakesh. «Goryachkina Wins Last Game To Force Playoff At FIDE Women's World Chess Championship». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Peterson, Macauley. «JuWenjun remains World Champion». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «PavelPonkratov Wins Russian Championship Higher League». Henta 5. juli 2021.
- ↑ «Astunning performance by 22-year-old Aleksandra Goryachkina, who scores 5/5 with the white pieces, climbs to 2610.5 on the live rating list & qualifies for the "Men's" Russian Championship!». Henta 5. juli 2021.
- ↑ «FIDE World Cup: Goryachkina wins Women's World Cup; Praggnanandhaa eliminates Caruana to reach finals». Henta 22. august 2023.
- ↑ «Europeanyouth team championship U18 – Girls». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «WorldYouth U-16 Chess Olympiad 2014». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Marin, Mihail. «The Slav Defence: Cemil Can Ali Marandi (2423) - Aleksandra Goryachkina (2441)». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 18. oktober 2020.
- ↑ Marin, Mihail. «Indiawins U16 Olympiad in Gyor». Henta 15. august 2015.
- ↑ «19thEuropean Women's Team Chess Championship 2013». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «BoardStandings». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Women'sWorld Team Chess Championship 2015 Chengdu, China». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «2015ETCC: Individual board prizes – Women's section» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 23. november 2015. Henta 23. november 2015.
- ↑ «42ndOlympiad Baku 2016 Women». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «2017 World Team Chess Championship (Women)». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «21thEuropean Women's Team Chess Championship 2017 Women Section». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «20russian championship(male teams)». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «21russian championship(male teams) 2014». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «XXIIчемпионат России по шахматам среди мужских команд 2015 г.». Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Kosintseva, Nadezhda». ratings.fide.com. Henta 31. mars 2024.
- ↑ «Kosintseva, Tatiana». ratings.fide.com. Henta 31. mars 2024.
- ↑ «Aleksandra Goryachkina». Henta 18. oktober 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Aleksandra Gorjatsjkina» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mars 2025.