Aleksandra Tsjudina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandra Tsjudina (Александра Георгиевна Чудина)


Aleksandra Tsjudina ved OL i 1952

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 6. november 1923
Q23847350
Død

28. oktober 1990 (66 år)
Moskva i Sovjetunionen

Idrett volleyball, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952

Utmerkingar

Leninordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Aleksandra Georgijevna Tsjudina (6. november 192328. oktober 1990) var ein sovjetisk idrettsutøvar frå Kramskaja i Belgorod oblast. Storvaksne Tsjudina, ho var 188 cm høg, var ein svært allsidig idrettsutøvar. Ho deltok på høgt nivå i ishockey, basketball, sykling og tennis. Både i friidrett og i volleyball høyrde i fleire år heime i den ypparste verdseliten.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Tsjudina deltok i høgdehopp under friidretts-EM 1946 i Oslo, den aller fyrste internasjonale meisterskapen Sovjetunionen sende ein tropp til. Ho tok sølvmedaljen med resultatet 1,57 m, einast franske Anne-Marie Colchen klarte å svinge seg over 1,60 m.

Under olympiske leikane i Helsingfors 1952 vann Tsjudina tre medaljar på døgn. Fyrst tok ho sølv i lengdehopp, med 6,04 m vart ho slått av Yvette Williams frå New Zealand med ti centimeter. Dagen etter kasta ho spydet 50,01 m og tok ein ny sølvmedalje, Dana Zátopková frå Tsjekkoslovakia sigra med eit kast på 50,47 m. Til sist klarde ho 1,63 m i høgdehopp, nok til å sikre seg bronsemedaljen.

Tsjudina deltok i mange øvingar i EM i friidrett 1954 i Bern. Det starta med femteplass i spydkast, og heldt fram med femkamp over to dagar. Innimellom øvingane i femkampen tevla i ho lengdehoppfinalen, der ho med 5,93 m tok EM-sølvet. Derette vart ho europameister i femkamp, 41 poeng føre Maria Sander frå Tyskland. Dagen etter at ho vann EM-gull, deltok ho i høgdehopptevlinga og vart nummer seks.

I tida 1945-56 vann Tjsudina fleire meistertitlar i friidrett enn nokon annan i sovjettida. Dei 31 gullmedaljane fordelte seg på 400 m, 80 m hekk, høgdehopp, lengdehopp, soydkast og, flest, i femkamp.

Volleyball[endre | endre wikiteksten]

Tsjudina var ein heilt sentral spelar på Sovjetunionen sitt kvinnelandslag i volleyball i over ti år. Med sin spenst og si slagkraft var ho ein framifrå både angrepsspelar og blokkar.

Ho var med å vinne dei tre fyrste verdsmeisterkapane i vollyball i 1952, 1956 og 1960. Dessutan vart ho europeisk meister i volleyball i 1949, 1950, 1951 og 1958.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]