Aleksandrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksandrov
Александров
Byvåpenet til Aleksandrov
Byvåpenet til Aleksandrov


Plassering
Aleksandrov is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Grunnlagd
Bystatus
1300-talet
1778
Borgarmeister Gennadi Simin
Geografi
Flatevidd
 - By

25 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

63 028
  2 521,1 /km²
Koordinatar 56°24′00″N 38°43′00″EKoordinatar: 56°24′00″N 38°43′00″E
Høgd over havet 190 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 60165x
Retningsnummer (tlf) (+7)49244

Aleksandrov (russisk Алекса́ндров) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg rundt rundt 110 km nordvest for Vladimir og 100 km nordaust for Moskva.

Byen er ein del av byane i turistruta Den gyldne sirkelen i Russland med historiske attraksjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aleksandrovskaja sloboda

Busetnaden vart grunnlagt på 1300-talet og fekk bystatus i 1778.

På byrjinga av 1500-talet bygde Fyrst Vasilij III eit lite jaktslott om til fyrsteresidens. Aleksandrov var den fungerande hovudstaden i Russland i tre månader (desember 1564 til februar 1565) under Tsar Ivan den grufulle, til han gjekk med på å returnere hoffet sitt og relikviane frå Moskva som han hadde teke med seg. Ivan gjekk med på å returnere etter at kyrkja gav han løyve til å grunnlegge opritsjnina. Aleksandrov har òg seinare vore mellombels opphaldsstad for tsarane.

Palasskomplekset i Aleksandrovskaja Sloboda, med talrike kyrkjer som Treeiningskyrkja, Himmelfartskyrkja og Krosskyrkja, er i dag attraksjonar. Det inneheld òg talrike gjenstandar knytt til Ivan den grufulle, mellom anna elfenbeinstrona hans. Anlegget er i dag eit nonnekloster.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]