Aleksej Sjtjusev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksej Sjtjusev
Щусев Алексей Викторович.png
Verkeleg namn Алексе́й Ви́кторович Щу́сев
Fødd 8. oktober 1873
Chişinău
Død

24. mai 1949
Moskva

Yrke arkitekt, konservator
Aleksej Sjtjusev på Commons

Aleksej Viktorovitj Sjtjusev (8. oktober 187324. mai 1949) var ein russisk arkitekt. Han teikna mellom anna Leninmausoleet (1924).

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Leninmausoleet med Kreml i bakgrunnen.
Kazanskijstasjonen.

Sjtjusev var fødd i Chișinău. Han studerte under Leon Benois og Ilja Repin ved Sankt Petersburgs kunstakademi 1891-1897. Sjtjusev utvikla stor interesse for historisk russisk kunst, og vann ry for restaureringa si av Vasilijkyrkja frå 1100-talet i Ovrutj i Ukraina. Han arbeidde sidan med moskovittisk 1400-talsarkitektur, blant anna Treeiningsdomkytkja i Potjajevskaja Lavra i Ukraina. Han fekk i oppdrag av tsarfamilien å utforma ei domkyrkje for Marfo-Mariinskijklosteret i Moskva, noko som resulterte i ein bygning i mellomaldersk Novgorod-stil.

I 1913 byrja Sjtjusev sitt største prosjekt. Han deltog og vann arkitekttevlinga for å utforma jernbanestasjonen Kazanskij. Denne jugendbygningen blandar element frå Kremltårna med tradisjonell tatararkitektur.

Etter ei kort tid der han eksperimenterte med nyklassisisme gjekk Sjtjusev over til konstruktivismen på 1920-talet. Då Lenin døydde i 1924 blei han beden om å utforma eit mausoleum for han. Sjtjusev teikna Leninmausoleet i ein stil som samanførde konstruktivistiske element med innslag frå historiske mausoleum, som Djoser-pyramiden og gravmonumentet i Pasargad.

Etter mausoleumskommissjonen fekk Sjtjusev gode kår av dei kommunistiska styresmaktene. Han blei utnemnd til leiar for Tretjakovgalleriet i 1926, og til leiar for gruppa som utforma store bruer og leilegheitskompleks i Moskva. Blant dei viktigaste bygningane han formgav på 1930- og 1940-talet er Hotell Moskva ved Manegetorget og NKVD sitt hovudkontor ved Lubjankatorget.

Sjtjusev blei tildelt Stalinprisen i 1941, 1946, 1948 og posthumt i 1952.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksej Sjtjusev