Aleksej Tsjervotkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aleksej Tsjervotkin
Alexey Chervotkin 2017.jpg
Verkeleg namn Алексей Александрович Червоткин
Fødd 30. april 1995
Zykovy
Yrke langrennsløpar

Aleksej Aleksandrovitsj Tsjervotkin (fødd 30. april 1995 i Zykovy i Kirov oblast) er ein russisk langrennslaupar[1].

Under Junior-VM på ski 2013 i Liberec vann han stafettgull og bronse i 20 km skiathlon bak landsmennene Dimitrij Rostotsev og Artem Maltsev.

Året etter, under Junior-VM på ski 2014 i Val di Fiemme, tok Tsjervotkin sølvmedaljen i 20 km skiathlon mellom nordmennene Eirik Sverdrup Augdal og Johan Hoel, medan han som ankermann i stafetten gjekk Russland inn til ein bronsemedalje bak Noreg og Frankrike.

Under Junior-VM på ski 2015 i Almaty gjorde Tsjervotkin nesten reint bord, med tre gullmedaljar av fire moglege, etter å ha roke ut i kvartfinalen av sprinten. 10 km fri teknikk vart vunnen føre landsmennene Denis Spitsov og Aleksandr Bakanov, 20 km skiathlon vart vunne føre landsmennene Ivan Yakimushkin og Spitsov, og stafetten vart vunne føre Frankrike og Noreg.

Tsjervotkin fekk sjansen på det russiske stafettlaget under verdscupen i langrenn 2015/16, då han i Nové Město hjelpte Russland til ein andreplass bak Noreg.

Under U23-VM på ski 2016 i Râșnov tok han først sølv i 15 km klassisk, bak svenske Jens Burman og føre nordmannen Mikael Gunnulfsen.[2] To dagar seinare tok han gull på 15 km fristil føre nordmennene Johan Hoel og Simen Hegstad Krüger.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://dep_fizvos.pnzgu.ru/news/2017/01/10/12371431
  2. VM-BRONSE til Mikael Gunnulfsen i U23