Aleksej Zjitnjuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Aleksej Zjitnjuk
Fødenamn Алексей Житнюк
Fødd 1993
Yrke politibetjent

Aleksej Zjitnjuk (fødd i 1993) er ein tidlegare russisk politimann som arbeidde for MVD i Moskva.

I 2015 forlét han politiyrket og fann seg anna arbeid i Moskva. Rosbalt rapporterer at han vart engasjert av CIA til å samle inn hemmeleg informasjon om den russiske marinen, og fekk sendt rapportane direkte dit. Den 30. november 2017 vart han arrestert av FSB skulda for landssvik under paragraf 275 i russisk straffelov og ført til Lefortovo fengsel. Då han vart arrestert, hadde han dokument som var stempla «strengt hemmeleg». Zjitnjuk vart dømd til 13 års fengsel under strengt regime i desember 2018. [1][2]Foreldra til Aleksej førebur sak for menneskerettkommisæren i Russland. FSB held denne saka saman med Frode Berg-saka, og mistenker at nordmannen skulle fungere som kurér.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://gomel.today/key/people/Алексей%20Житнюк
  2. https://www.aftenposten.no/verden/i/Xwk6mB/Frode-Bergs-angivelige-informant-domt-til-13-ars-fengsel-i-Russland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]