Aleppoplatået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleppoplatået
slette
Aleppoplatået
Land  Syria
Guvernement Aleppo guvernement, Idlib guvernement
Kart
Aleppoplatået
36°11′12″N 37°08′48″E / 36.186666666667°N 37.146666666667°E / 36.186666666667; 37.146666666667

Aleppoplatået (arabisk هضبة حلب) er eit lågt, åslendt platå nord i Syria. Det ligg i det nordlege grenseområdet mellom den arabiske plata og den afrikanske plata ved Daudehavsrifta. Platået ligg stort sett innanfor Aleppo guvernement og Idlib guvernement. Aleppo ligg nord på det sentrale platået.

Aleppoplatået ligg like nord for Palmyra-foldinga. I aust grensa det til Eufratdalen, som skil det frå Jazirahplatået. I vest grensar det til den nordlege halvdelen av Daudehavsrifta, nemleg Orontesdalen. Aintabplatået held fram nordover frå platået til Taurusfjella.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Den gjennomsnittlege høgda på platået er 400 meter over havet. Flata heller slakt ned mot sør og aust. Flata er svakt bølgjande med ein høgdeskilnad på 10 til 30 meter. Låglandet er dekt med sediment frå paleozoikum og mesozoikum som har ein gjennomsnittleg tjukkleik 4-5 km over heile flata.

Frå Eufratdalen stig terrenget og dannar Manbijsletta og fell så igjen til Dhahabdalen aust i Aleppo guvernement. Dhahab drenerer høglandet nord for Bāb og går 50 km frå nord til sør før ho munnar ut i Jabboulsjøen. Vest for Dhahabdalen stig terrenget igjen og dannar fjellet ʻAqīl (Taymar) (534 moh) vest for Bāb og Ḥaṣṣ (550 moh) vest for Jabboulsjøen. Terrenget fell igjen og dannar Quwēqdalen. Quwēq endar i Maṭkh-sumpen (249 moh), det lågaste punktet i Aleppo guvernement. Vest for Quwēq ligg Jabal Simeon. Sør for Jabal Simeon ligg slettene Idlib. Afrinelva renn vest for Jabal Simeon. Vest for Afrin stig landet igjen og dannar Kurd-Dagh. Afrin renn frå nord til sør mellom Jabal Simeon og Kurdarfjella, og så snur vestover til Orontesdalen, og skil Kurdarfjella frå Harimfjella i sør. Ḥārim er skild frå Zawiya i sør av Roujsletta, søm fører til Ghabsletta i Orontesdalen. Høglanda vest på Aleppoplatået vert kalla Belusmassivet.

Den søraustlege delen av platået er ei tørr steppe som dannar nordenden av Den syriske ørkenen. Resten av platået er generelt frodig, særleg i nordvest. Platået er hovudsakleg avskoga, utanom ein spreidd skog på kring 50 km² i austsida av Kurdarfjella ved Aʻzāzsletta. Dei vanlegaste trea i regionen er aleppofuru og eik.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]