Aleqa Hammond
Aleqa Hammond | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 23. september 1965 (59 år) Narsaq |
Yrke | politikar |
Språk | dansk |
Tittel | Folketingsmedlem |
Periode | 18. juni 2015–5. juni 2019 |
Tittel | Grønlands statsminister |
Periode | 5. april 2013–30. september 2014 |
Føregangar | Kuupik Kleist |
Etterfylgjar | Kim Kielsen |
Politisk parti | Siumut, Nunatta Qitornai |
Religion | Den nyapostoliske kirke |
Aleqa Hammond på Commons |
Aleqa Hammond (fødd 23. september 1965 i Narsaq) er ein grønlandsk politikar. Ho var statsminister på Grønland frå 2013 til 2014 og representerte partiet Siumut.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Hammond er fødd i Narsaq, men vaks opp i Uummannaq.[1] På morssida tilhøyrer ho ei grønlandsk grein av den norsk-danske slekta Hammond.[2] Før ho blei politikar jobba ho med turisme i Diskobukta, Nuuk og Qaqortoq.[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]I 2005 blei Hammond vald inn på Grønlands landsting, og blei familie- og justisminister. Frå 1. juli 2007 til 12. juni 2009 var ho finans- og utanriksminister.[1] Ho blei 2. juni 2009 formann i Siumut.
I mars 2013 leia Hammond partiet til valsiger. Ho blei dimed den fyrste kvinnelige statsministeren på Grønland.[3]
I oktober 2014 førte Hammond sitt misbruk av offentlege middel til private føremål til regjeringskrise. Hammond trekte seg som partileiar.[4] Det blei utlyst nyval.[5] Kim Kielsen overtok som partileiar og fungerande regjeringssjef.[6]
I 2015 blei Hammond den eine av to representantar frå Grønland i det danske Folketinget, som representant for Siumut.[1] I 2016 blei ho ekskludert av Siumut, etter å ha misbrukt kredittkortet til Folketinget til private føremål.
I 2018 slutta Hammond seg til Nunatta Qitornai, eit utbrytarparti frå Siumut.[1] Ho stilte til val ved landstingsvalet på Grønland, men blei ikkje vald. Ho gjekk ut av Folketinget i 2019.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Aleqa Hammond (NQ)» (på dansk). Folketinget. Henta 16. august 2021.
- ↑ Ostermann, Hother (1938). «En grønlandsk gren av slekten Hammond». Norsk Slekthistorisk Tidsskrift VI: 199–208.
- ↑ «Ny politisk stjerne til topps på Grønland» , Aftenposten, 13. mars 2013.
- ↑ «Regjeringsleder i hardt vær», NRK, 2. oktober 2014. Lest 1. november 2014.
- ↑ «Regjeringskrise på Grønland», adressa.no, 2. oktober 2014. Lest 1. november 2014.
- ↑ «Portræt: Tidligere betjent skal rydde op i Siumut», Børsen, 18. oktober 2014. Lest 1. november 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Aleqa Hammond» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mars 2024.