Hopp til innhald

Ales stenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ales stenar

Kart
Ales stenar
55°22′58″N 14°03′16″E / 55.3827°N 14.0544°E / 55.3827; 14.0544
Ales stenar

Ales stenar er ei steinsetjing i Kåseberga 1,5 mil frå Ystad i Sverige. Med ei lengd på 68 meter er ho den største steinsetjinga i Skandinavia.

Alder[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje den rette alderen på Ales stenar. Jamvel om det finst teikn som tyder på eit opphav i slutten på bronsealderen (mellom år 1000 og år 500 fvt.), er det òg mogeleg at skipssetjinga kan vera grunnlagd i jarnalderen eller vikingtida (år 6001000 evt). Leivningar frå jarnalderen inneheld i regelen ei grav, men i Ales stenar finst inga grav. På gamle oppteikningar og bilete kan ein attmed den store steinsetjinga sjå to smærre skipssetjingar. Ein har heller ikkje der funne nokon graver.

Bygnad[endre | endre wikiteksten]

Steinsetjinga er ei skipssetjing som er bygd av 58 (opphavleg 60) steinar på ein 37 meter høg haug rett ved Austersjøen. Dei fire-fem tonn tunge steinane er plasserte slik at dei formar eit skip. Dei største, nesten 3,5 meter høge, steinane sit i dei to stamnane. Retninga deira peikar mot solrenninga og soleglad ved i same følgd vinter- og sommarsolkverv.

Ales stenar i bokheimen[endre | endre wikiteksten]

Den svenske diktaren Anders Österling (1884–1981) skildrar Ales stenar i det kan henda mest vidgjetne diktet sitt «Ales stenar» (i samlinga Tonen från havet (1933)).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ales stenar