Alesha Dixon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alesha Dixon

Fødd7. oktober 1978 (45 år)
FødestadWelwyn Garden City
FødenamnAlesha Anjanette Dixon
OpphavStorbritannia
Aktiv1999–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapAsylum Records, Atlantic Records, Polydor Records
Verka somsongar, modell, dansar
Gift medHarvey, Azuka Ononye

Alesha Anjanette Dixon (fødd 7. oktober 1978 i Welwyn Garden City)[1] er ein engelsk songar, rappar, dansar, tv-personlegdom og skribent. Ho slo gjennom med gruppa Mis-Teeq på byrjinga av 2000-talet og har sidan vore progamleiar og dommar i ei rekke tv-show og konkurransar. I 2023 skal ho leie Eurovision Song Contest frå Liverpool.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dixon fekk merksemd i Storbritannia tidleg i 2000-åra som medlem av R&B- og hiphopgruppa Mis-Teeq. Gruppa vart oppløyst i 2005, og Dixon byrja då ein solokarriere med platekontrakt med Polydor Records. Ho spela inn debutalbumet, Fired Up, i 2006, og slapp debutsingelen «Lipstick», etterfylgd av «Knockdown». Parallelt med desse utgjevingane sokk populariteten, og ho mista etter kvart kontrakten med Polydor.[2]

I 2007 vann Dixon den femte sesongen av dansekonkurransen Strictly Come DancingBBC One. Deltakinga førte til eit musikalsk comeback, og ho fekk kontrakt med Asylum Records.[3] I 2008 gav ho ut sitt andre album, The Alesha Show, som vart sertifisert med platinastatus i Storbritannia og inneheldt dei suksessrike singlane «The Boy Does Nothing» og «Breathe Show» – der sistnemnde skaffa ho ein Brit Award-nominasjon.

I 2009 vart Dixon dommar på den sjuande sesongen av Strictly Come Dancing, og året etter kom tredjealbumet The Entertainer ut.[4][5] I 2012, kort tid etter dommarjobben i sesong ni av Strictly Come Dancing, byrja Dixon som dommar på talentkonkurransen til ITV, Britain's Got Talent.[6] Det fjerde albumet hennar, Do It for Love, kom ut i 2015.

I 2020 var Dixon dommar på America's Got Talent: The Champions, og i 2021 var ho dommar på Walk the Line. I 2022 var ho dommar på den tiande sesongen av Australia's Got Talent.

Som tv-programleiar har Dixon leia show som Alesha's Street Dance Stars (2010), Your Face Sounds Familiar (2013), Text Santa (2014–2015), Dance Dance Dance (2017), The Greatest Dancer (2019–2020) og Comic Relief (2019–2022). I 2023 er ho ein av programleiarane for Eurovision Song Contest frå Liverpool saman med Julija Sanina og Hannah Waddingham, og med Graham Norton i finalen.[7]

Dixon har også skrive ein barnebok-serie kalla Lightning Girl.[8][9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Latest Shows, Music, Celebrity & Entertainment News | MTV UK». MTV (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. oktober 2012. Henta 1. mars 2023. 
  2. «Alesha discusses record label axe». Digital Spy (på engelsk). 24. juli 2008. Henta 1. mars 2023. 
  3. Purves, Robbie (7. mai 2022). «Alesha Dixon's net worth and rise to fame». HertsLive (på engelsk). Henta 1. mars 2023. 
  4. Brook, Stephen (21. september 2009). «Alesha Dixon's debut as Strictly judge draws more than 250 complaints». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 1. mars 2023. 
  5. «Alesha Dixon joins Strictly team» (på engelsk). 9. juli 2009. Henta 1. mars 2023. 
  6. «Alesha Dixon leaves Strictly for Britain's Got Talent». BBC News (på engelsk). 2. januar 2012. Henta 1. mars 2023. 
  7. «Eurovision 2023: Hosts revealed for Liverpool». eurovision.tv (på engelsk). 22. februar 2023. Henta 1. mars 2023. 
  8. «Scholastic signs two more from Alesha Dixon». The Bookseller (på engelsk). Henta 1. mars 2023. 
  9. Sutton, Megan (2. juli 2020). «Alesha Dixon on how her daughters have inspired her to write books». Good Housekeeping (på engelsk). Henta 1. mars 2023.