Alessandra Mele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alessandra Mele

Fødd5. september 2002 (21 år)
FødestadPietra Ligure
FødenamnAlessandra Watle Mele
OpphavItalia, Noreg
Aktiv2022–
Sjangerpop
Instrumentgitar
Verka somsongar, låtskrivar

Alessandra Watle Mele (fødd 5. september 2002 i Savona i Italia[1][2]) er ein norsk-italiensk songar. Ho vart fyrst kjend i Noreg i 2022, då ho deltok i The Voice Noreg. Vinteren 2023 deltok ho i Melodi Grand Prix og vann med låten «Queen of Kings», og representerte difor Noreg i Eurovison Song Contest i Liverpool.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mele vaks opp i byen Cisano sul Neva i Savona i Italia.[2] Ho har italiensk far, medan mora er norsk med røter på Stathelle i Bamble.[4] Etter vidaregåande skule i 2021 flytta ho til Noreg for å vere nærare den norske familien og samstundes satse på ein musikkarriere.[5][3] Allereie som barn byrja ho å synge og danse, og ho deltok i si fyrste songtevling som seksåring.[3]

Mele har studert piano og tok songtimar hos ein songpedagog i Italia.[3] I Noreg byrja ho hausten 2022 å studere ved musikkskulen LIMPI på Lillehammer.[4] I 2022 deltok ho i The Voice NorgeTV 2 Direkte og nådde live-rundane. Året etter vart ho plukka ut som ein av deltakarane i Melodi Grand Prix 2023 med låten «Queen of Kings». Låten vart skriven på ein låtskrivarleir hausten 2022. Songen handlar om å våge å vere seg sjølv fullt ut, og er basert på erfaringar frå Mele sitt liv som bifil.[4][6]

Mele kvalifiserte seg frå den fyrste delfinalen laurdag 14. januar og vann finalen i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar.[7] Som vinnar av Melodi Grand Prix fekk ho representere Noreg i Eurovision Song Contest i Liverpool i mai 2023.

The Voice Norge[endre | endre wikiteksten]

Alessandra Mele deltok i The Voice Norge i 2022. Espen Lind var mentoren hennar under tiden i TV-programmet.

Runde Song Originalartist Resultat
Blind «I Will Pray (Pregherò)» Giorgia, Alicia Keys Vidare
Utslagsrunde «The Moon Is a Harsh Mistress» Jimmy Webb Vidare
Duell «I Just Can’t Stop Loving You» Michael Jackson med Siedah Garrett Vidare
Direktesending 1 «One Night Only» Beyoncé, Sharon Leal, Anika Noni Rose Ute[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Låt År Album
«Queen of Kings» 2023 Ikkje frå album

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Oversikt over Alessandra sine singlar med plassering på den offisielle singellista i Noreg og andre listeplasseringar. Lista er oppdatert per veke 8 i 2023:[8]

Låt Flagget til Noreg
Noreg[9]
Flagget til Sverige
Sverige[10]
Flagget til Ungarn
Ungarn[11]
Flagget til Island
Island[12]
Flagget til Polen
Polen[13]
Flagget til Finland
Finland[14]
Høgaste
plassering
Veker Høgaste
plassering
Veker Høgaste
plassering
Veker Høgaste
plassering
Veker Høgaste
plassering
Veker Høgaste
plassering
Veker
«Queen of Kings» 1 6 35 4 6 3 22 2 72 1 20 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alessandra Watle Mele – 1 roller i norsk næringsliv». www.proff.no. Henta 27. januar 2023. 
  2. 2,0 2,1 «La cantante savonese Alessandra Mele a "The Voice Norvegia": "Volevo portare qui un po' di orgoglio italiano" - IVG.it». Il Vostro Giornale (på italiensk). 14. januar 2022. Henta 27. januar 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Sand, Camilla (4. januar 2023). «Dette er årets artister i Melodi Grand Prix». NRK (på norsk bokmål). Henta 27. januar 2023. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Gilje, Pernille Aubert (13. januar 2023). «(+) Alessandra (20) skal synge om det pappa ikke vet foran hele Norge: – Man må tørre å være seg selv». Telemarksavisa (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  5. Sanne N. Holt (7. januar 2022). «The Voice-Alessandra flyttet til Norge for musikken». TV 2. Henta 27. januar 2023. 
  6. Elveos (KK), Beth-Kajsa (14. januar 2023). «- Jeg håper låta vil hjelpe andre til å komme ut av skapet». kk.no (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  7. Kristensen, Jonathan Gaathaug Nielsen, Thale (14. januar 2023). «– Jeg er ekstremt takknemlig». dagbladet.no (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  8. «Singel 2023 uke 08». topplista.no. Henta 1. mars 2023. 
  9. «Alessandra». topplista.no. Henta 14. februar 2023. 
  10. «swedishcharts.com - Alessandra - Queen Of Kings». swedishcharts.com. Henta 14. februar 2023. 
  11. «Single Top 40 slágerlista - Hivatalos magyar slágerlisták». slagerlistak.hu. Henta 10. mars 2023. 
  12. «Plötutíðindi». Plötutíðindi (på engelsk). Henta 20. mars 2023. 
  13. «OLiS - oficjalna lista sprzedaży». www.olis.pl (på polsk). Henta 20. mars 2023. 
  14. «Suomen Virallinen Lista». Musiikkituottajat (på finsk). Henta 20. mars 2023.