Alessandro Andrei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alessandro Andrei
Alessandro Andrei.png
Fødd 3. januar 1959
Firenze
Yrke friidrettsutøvar

Alessandro Andrei (fødd 3. januar 1959) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Firenze. Han vart olympisk meister i kulestøyt i 1984 og vann VM-sølv i same øvinga i 1987.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I sin fyrste store finale i europameisterskapen 1982 vart Andrei tiandemann med 19,28 meter. Året etter vart han nummer sju ved verdsmeisterskapen i Helsingfors med 20,07 meter.

Andrei vart olympisk meister i kulestøyt under OL 1984 i Los Angeles. Han vann tevlinga med 21,26 m, framom Michael Carter og Dave Laut, begge frå USA. Ved europameisterskapen 1986 enda Andrei med 20,73 meter på fjerdeplass, ein centimeter bakom bronsemedaljøren Udo Beyer frå Aust-Tyskland, gullmedaljen gjekk til sveitsaren Werner Günthör på 22,22 meter.

Høgdepunktet for Andrei kom den 12. august 1987. Før den dagen hadde Andrei flytta den italienske rekorden i kulestøyt heile 16 gongar, sist til 22,17 meter. Verdsrekorden til Udo Beyer lydde på 22,64 meter. Ved stemnet i Viareggio presterte Andrei si suverent beste serie gjennom sine mange år som aktiv. Han starta med 22,19 m og heldt fram med 22,37 - 22,72 - 22,84 - 22,91 – 22,74 m. Dermed forbetra han den italienske rekorden i kvart av sine fem fyrste støyt, samstundes som han sette verdsrekord i sitt tredje forsøk og forbetra den både i sitt fjerde og i sitt femte forsøk for dagen. Andrei støytte aldri sidan over 22 meter. To-og-ei-halv veke etterpå var det klart for verdsmeisterskap i Roma. Her vann Werner Günthör med 22,23 meter, medan Andrei tok sølvmedaljen med 21,88 meter.

Til Sommar-OL 1988 i Seoul møtte Andrei som tittelforsvarar, men ikkje som verdsrekordhaldar, då Ulf Timmermann den 22. mai 1988 vart fyrste kulestøytar over 23 m, med sine 23,06 meter. Nettopp Timmermann vann OL-gull, framom Randy Barnes frå USA og Werner Günthör. Med 20,36 meter enda Andrei på sjuandeplassen. Seinare vart han nummer 11 både i VM 1991 og OL 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]