Alessandro Costacurta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alessandro Costacurta
Billy Costacurta AC Milan Glorie 2011.jpg
Statsborgarskap Italia
Fødd 24. april 1966
Jerago con Orago
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Alessandro Costacurta (fødd 24. april 1966) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Jerago con Orago i Varese-provinsen, som vanlegvis spelte på midtstopparplass. Han spelte for Milan frå 1987 til 2007, ein klubb han vann både Europacupen og Meisterligaen to gongar med, samt seks italienske seriemeisterskap og eitt nasjonalt cupgull. Mellom 1991 og 1998 aksla han den italienske landslagstrøya 59 gongar, og fekk VM-sølv for Italia i 1994.

I 2008/09 var han trenar for fotballklubben AC Mantova.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Sesongen 1986/87 spelte Costacurta for Monza i Serie C. Han debuterte i Serie A for Milan mot Hellas Verona 25. oktober 1987, men det tok eit lite år før han fekk fast plass i midtforsvaret til det norditalienske meisterlaget. Både i 1989 og 1990 var han og Franco Baresi sentrale i midtforsvaret då Milan vann to europacupsigrar på rad. Nye triumfar vart det på dei to og lagkameratane då klubben vann Serie A i tre år på rad; 1992-94. I 1994 vann elles Milan og Costacurta den ferske Meisterligaen, men finalekampen måtte han sjå frå tribuneplass, grunna for mange gule kort.

I 1996 og 1999 vart Costacurta italiensk seriemeister for fjerde og femte gong. Hans sjette og siste seriegull i Italia kom då Milan vann Serie A i 2004. Sesongen i førevegen vann Costacurta sin einaste italienske cuppokal etter at det vart Milan-siger i den nasjonale cupfinalen, veka etter han sikra seg sin andre meisterligasiger då Milan vann over Juventus i ei straffesparktevling. Etter å ha fått minimalt med speletid i sin siste sesong la han opp i mai 2007, 41 år gammal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Costacurta debuterte for Italia landslag mot Noreg 13. november 1991. EM-kvalifiseringskampen i Genova enda 1-1. Dei neste åtte sesongane hadde han fast plass i landslagsforsvaret, oftast i kompaniskap med klubbkameratane Baresi og Paolo Maldini. Han var med på å ta VM-sølv under fotball-VM 1994 i USA, men grunna kort-suspensjon fekk han ikkje spele finalen mot Brasil. Etter at Italia i 1998 rauk ut av VM mot dei seinare verdsmeistrane frå Frankrike, fekk ikkje Costacurta fleire landskampoppdrag, slik at han stoppa med 59 kampar og to landslagsmål for Italia.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv 1994 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1989 og 1990 med AC Milan
  • Vinnar av Meisterligaen 1994 og 2003 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1992, 1993, 1994, 1996, 1999 og 2004 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister 2003 med AC Milan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]