Alessandro Lambruschini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alessandro Lambruschini
Statsborgarskap Italia
Fødd 7. januar 1965
Fucecchio
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Alessandro Lambruschini (fødd 7. januar 1965) er ein italiensk tidlegare hinderløpar frå Fucecchio i provinsen Firenze. Han vart europameister på 3000 meter hinder i 1994 og vann elles ein sølvmedalje og tre bronsemedaljar i ulike EM, VM og olympiske leikar i tida 1990-98.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lambruschini var gjennom ein tiårsperiode ein av dei aller beste europeiske hinderløparane. Han fekk sitt gjennombrot då han vann øvinga i mellomhavsleikane 1987 i Latakia i Syria, fire år seinare forsvarte han meistertittelen i Aten. I 1987 sette han elles personleg rekord på 1500 m med 3.35,2, ei tid som viste hans framifrå fartseigenskapar.

Både under sommarleikane 1988 og 1992 vart Lambruschini nummer fire på 3000 meter hinder, før han så i 1996 vann ein bronsemedalje under Sommar-OL i Atlanta. Det var tredje bronsmedaljen i ein internasjonal meisterskap. I 1990 vart han nummer tre under EM, og same plassen på sigerspallen fekk han i VM 1993 i Stuttgart. Med tida 8.08,7 sprang han i Stuttgart sitt aller snøggaste hinderløp nokon gong. I alle desse nemnde OL- og VM-tevlingane vart han slått einast av kenyanske løparar.

I 1994 vann Lambruschini gullmedaljen på 3000 n hinder då EM i friidrett fann stad i Helsingfors. Fire år seinare tok han ein ny EM-sølv, tyske Damian Kallabis vann ein greis siger.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]