Alessandro Stradella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alessandro Stradella

Fødd3. april 1639
FødestadNepi i Italia
Død25. februar 1682 (42 år)
DødsstadGenova
OpphavKyrkjestaten
PeriodeBarokken
SjangerKammermusikk, vokalmusikk
Instrumentfiolin, vokal
Verka somKomponist

Alessandro Stradella (3. april 163925. februar 1682) var ein italiensk komponist i midten av barokken. Han vart fødd i Nepi og myrda i Genova.

Ein kjenner ikkje mykje til dei første leveåra hans, men han kom frå ein aristokratisk familie, fekk utdanning i Bologna og hadde alt skapt eit namn for seg sjølv som komponist då han var 20 år, då han fekk ei stilling hos dronning Kristina av Sverige. I 1667 flytta han til Roma der han starta å komponere i stort omfang, hovudsakleg kyrkjeleg musikk, og han starta å leve eit utsvevande liv. I lag med ein ven prøvde han å underslå pengar frå den romerske-katolske kyrkja, men dei vart oppdaga. Han flykta frå byen, men kom attende mykje seinare då han trudde det var trygt. Uheldigvis starta dei mange uforsiktige kjærleiksforholda hans å skaffe han fiendar blant dei mektige mennene i byen og han måtte forlate Roma for godt.

I 1677 reiste han til Venezia, der han vart hyrt av ein mektig adelsmann som musikklærar for kona hans. Stradella vart kort tid etter invovlert i eit forhold med ho og måtte flykte då dette vart oppdaga. Denne gongen leigde adelsmannen ein gjeng til å følgje etter han å ta livet av han, som dei så vidt mislukkast med. I ei forteljing høyrte dei han spele og tilgav han på grunn av det store talentet hans. Stradella reiste så til Genova, der han skreiv operaer og kantatar. Igjen vart han involvert i eit forhold og denne gongen klarte ein leigemordar å finne han ved Piazza Banchi og stakk han i hel med ein kniv.

Stradella var ein særs viktig komponist på si tid, men ryet hans vart overskugga det neste hundreåret av Corelli, Vivaldi og andre. Truleg hadde han størt innverknad i opphavet til concerto grosso: medan Corelli i sin Op. 6 var den første til å publisere eit verk med denne tittelen, nytta Stradella tydleg dette formatet tidlegare i ein av hans Sonate di viole. Sidan dei to kjende kvarandre er det truleg at det var ein direkte påverknad.

Stradella skreiv minst seks operaer, inkludert ein fullskala komedieopera. Han skreiv òg mange kantatar og oratorium. Stradella komponerte 27 forskjellige instrumentalstykke, mest for strykkarar og basso continuo og typisk i sonata da chiesa-format.

Det fargerike livet hans og det blodige dødsfallet hans var eit godt utgangspunkt for ein opera og tre forskjellige komponistar har basert operaer på livet hans. Den mest kjende av desse er Alessandro Stradella (Hamburg, 1844), av Friedrich von Flotow.

Den amerikanske forfattaren F. Marion Crawford skreiv òg ein oppdikta roman om forholda til Stradella og flukta frå Venezia, kalla Stradella (Macmillan 1909).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]