Alex Costa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alex Costa

Alex Rodrigo Dias da Costa.jpg

Statsborgarskap Brasil
Fødd 17. juni 1982 (40 år)
Niterói
Idrett fotball

Alex Rodrigo Dias da Costa (fødd 17. juni 1982 er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar. Han var ein stor og sterk midtstoppar, som etter tur hadde stor suksess med Santos i heimlandet, PSV i Nederland, Chelsea i Storbritannia og PSG i Frankrike.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Alex slo gjennom i Santos FC, ein klubb han vann to seriemeisterskap med. Frå sommaren 2004 spelte han på den nederlandske storklubben PSV Eindhoven i tre sesongar, og vart seriemeister alle tre sesongane. Ved sesongstart i august 2007 var han på plass i London-klubben Chelsea FC. Med laget frå den britiske hovudstaden tapte han meisterligafinalen 2008, før det vart triumfar i FA-cupen 2009, Premier League 2010 og FA-cupen 2010. Mot £4,2 millionar vart han i januar 2012 overført til Paris Saint-Germain, der var han med om å vinne den fransk toppserien dei neste to åra. Etter kontrakten med PSG gjekk ut i 2014, spelte han to sesongar for AC Milan i Italia.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Alex spelte 17 landskampar for Brasil i tida 2003-08. Høgdepunktet var triumfen i Copa América 2007.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Copa América: 2007 med Brasil
  • Seriemeister i Brasil: 2002 og 2004 for Santos FC
  • Seriemeister i Nederland: 2005, 2006, 2007 for PSV Eindhoven
  • Ligameister i England: 2010 for Chelsea FC
  • Ligameister i Frankrike: 2013 og 2014 for PSG
  • Cupvinnar i Nederland: 2005 for PSV Eindhoven
  • Vinnar av FA-cupen: 2009 og 2010 for Chelsea FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]