Alex Kloster-Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alex Kloster-Jensen
Fødd13. april 1974
OpphavNoreg
Verka sommusikar, gitarist

Alexander Kloster-Jensen (fødd 13. april 1974) er ein norsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent frå Fredrikstad. Han har erfaring frå fleire ulike band.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han var med på oppstarten av bandet Ricochets i 1998, og spelte gitar der. Han har også produsert tre av albuma til bandet. Frå 2001 - 2004 spelte han for det svensk-norske bandet Hello Goodbye. I 2003 gjekk han saman med Robert Burås frå Madrugada og starta bandet My Midnight Creeps. Bandet fekk gode kritikkar og gav ut to cd-ar (produsert av Kloster-Jensen), men vart oppløyst då Burås døydde i juli 2007.

Kloster-Jensen har også spelt gitar på to av cd-ane til Madrugada, The Deep End frå 2005 og Madrugada frå 2008. Då Madrugada la ut på avslutningsturné hausten 2008, var Kloster-Jensen igjen med som gitarist i staden for Burås.

Kloster-Jensen og bassisten frå Madrugada, Frode Jacobsen har arbeidt mykje saman. I 2009 produserte dei to saman eit album for Ingrid Olava, og same året starta dei bandet Kitchie-Kitchie-Ki-Me-O saman med Bezhad Farrazollahi og Dag Stiberg (begge frå My Midnight Creeps) og Anders Møller. Bandet har spelt fleire konsertar, men har enno ikkje gjeve ut noko.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]