Alex McLeish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alex McLeish
Alexmcleish2012.jpg
Alex McLeish i 2012
Personleg informasjon
Fullt namn Alexander McLeish
Fødselsdato 21. januar 1959 (60 år)
Fødestad Glasgow i Skottland
Høgd 185 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1978-1994 Aberdeen 493 (25)
1978Leeds (lån)
1994-1995 Motherwell 3 (0)
Totalt 496 (25)
Landslag
1980-1993 Skottland 77 (0)
Trenar for
1994-1998 Motherwell
1998-2001 Hibernian
2001-2006 Rangers
2007 Skottland
2007-2011 Birmingham
2011-2012 Aston Villa
2012-2013 Nottingham Forest
2014-2015 Genk
2016 Zamalek
2018-2019 Skottland
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Alexander McLeish (fødd 21. januar 1959) er ein skotsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Glasgow. Han var midtstoppar på Aberdeen FC då klubben vann cupvinnarcupen 1983.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

McLeish var midtstoppar på Aberdeen FC frå debuten i januar 1978 til han la opp sommaren 1994. Gjennom 16 sesongar var han med om å vinne tre seriemeisterskap og fem finalar i den skotske cupen. Høgdepunktet for McLeish og lagkameratane var triumfen i cupvinnarcupen 1983, på Nya Ullevi i Göteborg sigra dei med 2-1 mot Real Madrid etter ekstraomgangar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

McLeish hadde tilnærma fast plass i midtforsvaret til Skottland tiåret 1980-90. Han deltok under VM i fotball 1990, men fekk berre tre landskampar etter meisterskapen. Frå debuten i mars 1980 til han fekk siste landslagsoppdraget i februar 1993 spelte han 77 kampar i Skottland-drakt, utan å skåre eit einaste mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1983 med Aberdeen FC
  • Skotsk ligameister: 1980, 1984, 1985 med Aberdeen FC
  • Skotsk cupmeister: 1982, 1983, 1984, 1986 og 1990 med Aberdeen FC

Trenar[endre | endre wikiteksten]

McLeish var lagsjef for Rangers FC frå 2001 til -06, ein periode der klubben vann to cupfinalar og like mange ligatitlar. I 2011 leidde han Birmingham City til siger i den engelske ligacupfinalen. McLeish var landslagssjef for Skottland i 2007, ein jobb han òg har hatt sidan februar 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]