Alex St. Clair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alex St. Clair
Fødd14. september 1941(1941-09-14)
Død5. januar 2006 (64 år)
FødenamnAlexis Clair Snouffer
OpphavUSA
Aktiv1959 til 1970-åra
SjangerRock
InstrumentGitar, trommer, trompet
Tilknytte artistarCaptain Beefheart
Verka somMusikar, låtskrivar

Alex St. Clair (14. september 1941 som Alexis Clair Snouffer–5. januar 2006)[1] var ein USA-amerikansk musikar.

Han var i to periodar gitarist for Captain Beefheart og gjekk på skule samstundes med Frank Zappa og Beefheart på Antelope Valley High School i Lancaster i California, der St. Clair spelte trompet og Zappa spelte trommer. Dei kjøpte begge sine første gitarar omtrent samstundes.

St. Clair vart med i det første bandet sitt, The Omens, kring 1959. Vliet (Beefheart) song stundom i dette bandet. St. Clair tok seg arbeid kring Lake Tahoe i 1964. Han kom attende til Lancaster i 1965 og slo seg saman med Doug Moon, Jerry Handley og Terry Wimberley i eit bluesband. Etter at Vliet vart invitert til å syngje med dei og Vic Mortensen vart med som trommeslagar, vart den første utgåva av The Magic Band skipa. Det var på denne tida at Snouffer endra namnet sitt til St. Clair og Vliet endra sitt til Van Vliet.

St. Clair spelte på dei to første albuma til bandet, Safe as Milk (1967) og Strictly Personal (1968). Han slutta i gruppa i juni 1968 etter han var skuffa både musikalsk og økonomisk etter ein mislukka turné i Europa. Bill Harkleroad tok plassen hans i bandet. St Clair kom attende til gruppa i 1973 for Clear Spot-turneen og han spelte på albumet Unconditionally Guaranteed i 1974, før han igjen slutta. before leaving again.

St. Clair byrja i bandet Denny King's Boogie Band og spelte på albumet deira Evil Wind Blowing. Han kom så attende til The Magic Band etter at Winged Eel Fingerling slutta, og var med dei på ein turné, før han igjen slutta på grunn av økonomiske problem.

St. Clair omkom av hjarteinfarkt i heimen sin i 2006.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]