Alex Stepney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alex Stepney
Fødd 18. september 1942
Fødestad London

Alexander Cyril Stepney (fødd 18. september 1942) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han var målvakt i Manchester United i over ti år og vart ligameister 1967, vinnar av europacupen i 1968 og FA-cupen 1977 med Manchester-klubben.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Stepney vakta målet til 2. divisjonsklubben Millwall FC frå 1963 til -66. I mai 1966 vart han overført til Chelsea FC, men allereie tre månader seinare overført til Manchester United, ein klubb han tente dei neste tolv åra. I sin fyrste sesong som burvaktar for United var han med å vinne den engelske ligaen. Året etter stod Manchester United for ei historisk bragd då laget vart det fyrste engelske som gjekk til topps i europacupen, då Benfica vart slått 4-1 på Wembley stadion i heimbyen til Stepney. Både i 1976 og 1977 var Stepney sisteskansen til United i FA-cupfinale, den fyrste enda med eit overraskande tap for Southampton, den andre med triumf mot Liverpool FC.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Ei veke før europacupfinalen i 1968 stod Stepney i mål for England mot Sverige i ein vennskapslandskamp på Wembley stadion. Hans einaste opptreden i landslagdrakta enda med siger 2-0.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]