Aleksandr Antonov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Alexander Antonov)
Aleksandr Antonov

PartiDet sosialistrevolusjonære partiet
Fødd26. juli 1889
FødestadMoskva
Død24. juni 1922
DødsstadGuvernementet Tambov

Aleksandr Stepanovitsj Antonov (26. juli 188924. juni 1922) var medlem av Det sosialistrevolusjonære partiet i Russland og leiar for bonde-oppstanden i Tambovregionen under den russiske borgarkrigen.

Han hadde vore medlem av Det sosialistrevolusjonære partiet sidan 1906. Den russiske februarrevolusjonen gjorde at han kom seg ut av fengselet han sat i, etter ein dom for ran. Han vende attende til Kirsanov og vart regional politifunksjonær under den provisoriske regjeringa som formelt styrte Russland frå mars til november 1917. I april 1918 braut han med den nye bolsjevikregjeringa, og gjekk under jorda.

Dei neste to åra leidde han ei væpna gerilja-gruppe av bønder som drap bolsjevikfunksjonærar, særleg dei som var knytte til tvangsutskriving av soldatar og til tvangsrekvirering av mat. Da det store opprøret i regionen kom i august 1920, stilte han seg i brodden av dette.

Etter juli 1921, da oppreisten var slått ned av styrkar frå Den raude armeen, vart Antonov tvinga under jorda att. Den 24. juni 1922 vart han omringa av ei eining frå Tsjekaen (det bolsjevikiske politiske politiet) og drepen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den engelskspråklege wikipediaen, artikkelen Alexander Antonov.