Alexander Archipenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander Archipenko
Fødd 30. mai 1887
Kiev
Død

25. februar 1964
New York by

Yrke bilethoggar, kunstmålar, kunstnar
Kvinne kjemmer håret, 1914

Alexander Archipenko (30. mai 188725. februar 1964) var ein ukrainsk-amerikansk skulptør og grafisk kunstnar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Archipenko var fødd i Kiev i Ukraina, den gongen i Tsar-Russland. Han byrja måle i den impresjonistiske stilen, og utvikla seg vidare gjennom stilartar som kubismen og konstruktivismen. Han kom i 1908 til Paris, der han slutta seg til krinsen kring Pablo Picasso, og var ein tidleg talsmann for moderne, framfor alt den kubistiske, skulpturen.

På 1920-talet høyrde Archipenko med mellom dei mest radikale og dristige i utviklinga av skulptur. I verk frå denne tida er naturformene knapt til stades. Store utstillingar av verka hans fann stad i Berlin i 1922 og New York i 1924. Samstundes busette han seg i USA. Seinare vende han tilbake til ei meir røyndomsnær oppfatning av former. Dei vanlegaste materiala i skulpturane hans er stein eller metall.

I 1937 vart verk av Archipenko tek med på nazistane si utstilling i München av det dei kalla Entartete Kunst.

Han døydde i New York.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander Archipenko