Alexander Burgener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Burgener

Statsborgarskap Sveits
Fødd 10. januar 1845
Saas-Fee
Død

8. juli 1910 (65 år)
Berner Oberland

Yrke fjellklatrer, fjellfører
Alexander Burgener på Commons
Aiguille du Dru
Aiguille des Grands Charmoz
Foto frå ca 1900 av fjellet Jungfrau, der Burgener omkom i 1910

Alexander Burgener (10. januar 18458. juli 1910) var ein sveitsisk fjellførar og fyrstebestigar av mange fjell, og av nye klatreruter, i vest-Alpane i perioden 1870-87.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Burgener voks opp i enkle tilhøve på garden Huteggen i bygda Eisten i Saas-Fee. I ungdomen var han geitegjetar og dreiv som gemsejegerBalfrin. 20 år gamal la han ut på sin fyrste tur som fjellførar. Heile livet var han busett i Eisten.

Burgener skal ha vore med påom lag 46 fyrstebestigingar, der i mellom klatreruter til toppar som var bestigne tidlegare. Saman med Albert Mummery føretok han 3. september 1879 den fyrste oppstiginga langs Zmuttgrat på Matterhorn. Dei same to kleiv i lag på fyrstebestigningane av Grands Charmoz (1880) og Aiguille du Grépon i Mont Blanc-massivet (5. august 1881). Tidlegare hadde Burgener saman med den britiske fjellklatraren Clinton Thomas Dent stått for den fyrste bestiginga av Lenzspitze (august 1870) og av Grand Dru (12. september 1878).

I 1899 besteig han austtoppen på Piz Palüs langs nordvestpillaren. Det fanst knapt ein einaste av dei kjende fjelltoppane i Vest-Alpane som han ikkje hadde vore på. I tillegg kom ein tur til fjellheimen i Kaukasus.

Burgener var teken av og omkom i eit snøskredJungfrau sommaren 1910, nær Berglihütte i Bern-Alpane.

Fyrstebestigingar[endre | endre wikiteksten]

  • Lenzspitze, 1870
  • Portjengrat, 1871
  • Aiguille du Dru, 1878
  • Zmuttgrat på Matterhorn, 1879
  • Travers av Col du Lion, 1880
  • Grands Charmoz, 1880
  • Charpouaveggen på Aiguille Verte, 1881
  • Aiguille du Grépon, 1881
  • Frontier ridge på Mont Maudit, 1887
  • Teufelsgrat på Täschhorn, 1887

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]