Alexander Dale Oen Arena
Utsjånad
Alexander Dale Oen Arena | |||
| |||
Opna | 24. oktober 2014 | ||
---|---|---|---|
Alexander Dale Oen Arena 60°23′08″N 5°20′18″E / 60.385527777778°N 5.3384166666667°E |
Alexander Dale Oen Arena, forkorta ADO arena, er eit kommunalt anlegg for symjing og stuping på Nygårdstangen i Bergen i Noreg, opna i 2014. Symjehallen er oppkalla etter symjaren Alexander Dale Oen.[1][2]
I tillegg til symje- og stupefasilitetar er det i bygningskomplekset ein fleirbrukshall og Amalie Skram videregående skole med om lag 1000 elevar.[3]
Symjahallen inkluderer hovudbasseng, stupebasseng, opplæringsbasseng, aktivitetsbasseng for barn, varmekulp for mellom anna stuparar samt to rutsjebaner med eige stoppbasseng. Anlegget vil ha garderobekapasitet for om lag 800 personar.
Anlegget er teikna av det danske arkitektfirmaet KHR Arkitekter.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Svømmeanlegget oppkalt etter Dale Oen, arkivert frå originalen 24. oktober 2014, henta 5. juni 2014
- ↑ Milliardanlegget blir oppkalt etter Dale Oen
- ↑ Fakta om anlegget, arkivert frå originalen 8. juni 2012, henta 5. juni 2014
- ↑ «Helleren» for et svømmeanlegg!, arkivert frå originalen 3. juni 2014, henta 5. juni 2014